Rektor/tenesteleiar
Kommunalområde Barnehage og skule, Haram kommune
Dalevegen 50, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Rektor/tenesteleiar
Oppstart
28. april 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, ved sida av Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Frå skulen er det elles gåavstand til både Brattvåg barneskule, turområde, butikkar og folkebibliotek. Skulen har om lag 150 elevar frå 8.-10.trinn. Elevane kjem frå Brattvåg, Helland, Søvik, Hildre og Grytastranda.
Skulen har fokus på digital kompetanse, og alle elevar disponerer eigen PC. Teams og Office365 vert nytta som arbeidsplattform. Brattvåg ungdomsskule er sertifisert som ein dysleksivenleg skule, og brukar MOT-programmet for å skape robuste ungdommar. Skulen deltek framover i eit felles utviklingsarbeid kalla "Bry deg!" i samarbeid med Læringsmiljøsenteret og alle dei andre skulane i Haram. Visjonen til skulen er: Vi skal ville kvarandre vel og gjere kvarandre gode. Det reflekterer målet om å skape eit trygt og støttande læringsmiljø for alle elevane.
Som rektor er du øvste leiar i leiargruppa som elles består av assisterande rektor, avdelingsleiar og sekretær.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv med fokus på tidleg innsats. Rektor og assisterande rektor deltek på felles skuleleiarmøte, og rektor deltek elles på kommunale tenesteleiarmøte. Rektor rapporterer til kommunalsjef for barnehage og skule.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle skulen i samsvar med skulen sin visjon, relevante lovverk, mål og satsingar
- Planlegge og organisere kvardagane til det beste for tilsette og elevar
- Sikre eit godt læringsmiljø for alle elevar, herunder følgje opp elevresultat og arbeide for eit godt psykososialt miljø
- Personalansvar og budsjettansvar
- Sikre eit godt elevdemokrati, og eit godt samarbeid med foreldre, lokalsamfunn og andre relevante aktørar
- Saksbehandling innanfor definerte område
- Hovudansvar for skulen sitt HMS-arbeid, herunder internkontroll
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning, som til dømes lærarutdanning eller anna relevant høgare utdanning.
- Rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning, eventuelt vilje til vidareutdanning.
- Erfaring frå undervisning, administrasjon og skuleleiing
- God kjennskap til relevante lovverk og avtaleverk for grunnskulen
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner
- Kompetanse innanfor økonomi og IT
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og i tillegg til intervju og referanseinnhenting, kan det bli nytta testverkty i rekrutteringsprosessen.
Personlege eigenskapar
- Eit positivt elev-/menneskesyn
- God samarbeids- og relasjonskompetanse
- Evne til å leie og motivere andre, gjennom tillit og medverknad i prosessane
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Ei engasjert og positiv innstilling
- Evne til å vere løysingsorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta kloke avgjerder med elevane sitt beste i fokus
Vi tilbyr
- Ei spanande og utfordrande rolle i eit godt fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg samarbeid og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- God pensjonsordning
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Lill-Therese Eidsvik, Kommunalsjef, 41504764, lill-therese.h.eidsvik@haram.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 506270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4911999452
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 28.04.2025
Søknadsfrist: 16.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2849223
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4564f75685534c249d6f383777a591cf