Fysioterapeut
Helseavdelinga, Sula kommune
Stadsnesvegen 9b, 6030 Langevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Engasjement, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Sula kommune har fått prosjektmidlar og ønsker å starte opp med Vurderingsteam - utvikle modell for tverrfagleg oppfølging.
Pasientar må få riktige tenester til rett tid, med mål om eit optimalt pasientforløp der bevaring eller gjenvinning av funksjon står i sentrum for oppfølginga. For å få til dette må vi verte meir tverrfaglege i vår oppfølging. Vi ønsker å etablere eit tverrfagleg team som vurderar pasienten sitt behov for tenester og potensiale for å gjenvinne tapt funksjon. Målet for prosjektet er ei tverrfagleg kartlegging, der mellom anna fysio-/ergokompetanse kjem i tillegg til sjukepleiar- og legekompetanse, og der opptrening og eigeninnsats frå pasienten skal kome meir i fokus. Teamet skal gi informasjon om kva for tenester og tilbod som finst i kommunen, og vurderer behov for trening, hjelpemiddel, tilrettelegging av bustad og helseteknologi. Målet er riktige tenester, ikkje færrest mogleg tenester.
Denne stillinga vil høyre til i Rehabiliteringstenesta, som består av 4 fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar. Rehabiliteringstenesta jobbar målretta mot størst mulig grad av sjølvhjelp, deltaking og livskvalitet for brukarane. Ein har fokus på rehabilitering, kvardagsmeistring, førebyggjing og friskliv. Vi har starta opp med fallkartlegging og -førebyggjing, vi har trimgrupper på ulike funksjonsnivå og vi har eit tett og godt samarbeid inn mot rehabiliteringsavdelinga på Sulatunet i tillegg til ein del satsing inn mot barn og unge, heimebesøk til alle 80+ og i forhold til velferdsteknologi for å nevne noko. Folkehelseperspektivet og brukaren i fokus med "kva er viktig for deg" er viktige element i rehabiliteringstenesta.
Stillinga vil bidra inn mot fleire av dei ulike felta som rehabiliteringstenesta jobbar med. Det vil mest sannsynleg også bli mogleg å fylle stillinga opp til 100%.
Arbeidsoppgåver
Delta i teverrfagleg vurderingsteam.
Bestille enkle hjelpemidler
Fysioterapiteneste til bebuarar ved kortids- /rehab.avd ved Sulatunet.
Poliklinisk oppfølging av voksne / eldre i heimen / institutt.
Trimgruppe / fallførebyggjing
Det kliniske fysioterapiarbeidet vil skje i tett samarbeid med andre som driv rehabilitering i kommunen.
Kollegeal fråværsdekning.
Kvalifikasjonar
Norsk offentleg godkjend fysioterapeut
Erfaring frå arbeid innan rehabilitering.
Erfaring frå anna relevant arbeid innan førebyggjing
Faglig oppdatert på relevant kunnskap.
Datakunnskap og kjennskap til relevante fagsystem.
God kunnskap i norsk språk, skriftlig og munnleg.
Førarkort, søkar må kunne disponere eigen bil i tenesta
Politiattest
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Gode samarbeidsevne og kunne sjå tenestene under eitt.
Kunne arbeide strukturert og heilskapleg.
God i kommunikasjon
Gode evner til å motivere andre til å gjere ein innsats.
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande tariff
Svært godt og inspirerande arbeidsmiljø, " her er det godt å vere"
Kontaktinformasjon
Grethe Øen, Einingsleiar, 93821014, grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.noArbeidsstad
Stadsnesvegen 9b6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4988453225
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 09.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1ffef01-5d9a-4dd9-b339-0db94f8c0756
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b25d22351964678a95ee35e277fb90f