KATEKET/PEDAGOG
Volda Kyrkjelege Fellesråd
Rådhusgata 6a, 6100 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Kateket
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. mars
Vil du vere med på å løfte barne- og ungdomsarbeidet til Den norske kyrkja i Volda?
Vi søkjer etter ein kateket/pedagog som kan leie og vidareutvikle Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) i Volda fellesrådsområde (Volda kommune). Stillinga er leiar for undervisningsarbeidet og undervisningsteamet vårt. Eit team som består av kateket og to medarbeidarar i deltidsstillingar.
Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev. Alternativt søkjer vi etter ein medarbeidar med anna relevant utdanning og praksis som kan tenkje seg å gjennomføre ei vidareutdanning ved sidan av arbeid for å kvalifisere som kateket.
Du vil ha Volda fellesrådsområde (Volda kommune) som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Volda kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte lokale, like ved Volda kyrkje.
Aktuell arbeidsoppgåver er:
-
Undervisningsarbeid for barn/ungdom 0-18 år
-
Konfirmantarbeidet
-
Samarbeidet kyrkje - skule/barnehage
-
Vidareutvikling og revisjon av kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) for alle sokna.
-
Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
-
Leiing av utvalet for Kyrkjeleg undervisning og læring
Vi ser etter deg som har:
-
Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk
-
Leiarerfaring
-
Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom, og leirarbeid
-
Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
-
Evne til å skape gode relasjonar, til samarbeid og teamtenking
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
-
Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
-
Skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
-
Grunnleggande datakunnskap
Er du den vi leitar etter?
Vi kan tilby:
-
Godt stabsfellesskap
-
Kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor, like ved Volda kyrkje
-
Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor og pensjonsordning i KLP
-
Ein fleksibel arbeidskvardag med gode ordningar for avspasering.
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
Lurer du på noko, eller ynskjer du fleire opplysningar?
Ta gjerne kontakt med:
-
Kyrkjeverje Jostein Stråbø
tlf. 91663549
epost: JS478@kyrkja.no -
Katetet(kyrkjelydspedagog) Martine Hjertvik Urke
tlf. 90897340
epost: MU894@kirken.no
Sjå òg heimesida vår www.volda.kyrkja.no
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 16. mars 2026.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fellesrådsområet har seks sokn, Volda (5678 medlemmar.), Hornindal (985 medlemmar),Dalsfjord (580 medlemmar), Kilsfjord (426 medlemmar), Austefjord (276 medlemmar) og Storfjorden (93 medlemmar), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (2x100 %) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor(100%) og kyrkjetenar(80%). Dei andre sokna har kyrkjetenar-og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Volda har gode kommunikasjonar både med buss og fly.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1dc884b-c300-4af6-8def-350860c9c049
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e1dc884b-c300-4af6-8def-350860c9c049
Lignende annonser
Menighetspedagog
Arbeidsgiver
Volda Kyrkjelege Fellesråd
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling skule
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Norlandia Støylane
Sted
Ulsteinvik