Sjukepleiar/ operasjonsplanleggar
Ortopedisk Poliklinikk Lærdal sjukehus, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Operasjonsplanleggar
Oppstart
1. februar 2025
Type ansettelse
Engasjement, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. februar
Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Ortopedisk poliklinikk, Lærdal sjukehus har ledig 50% engasjement som operasjonsplanleggar i 6 mnd, med moglegheit for forlenging/fast stilling. Stillinga skal ikkje delast.
Det er ønskjeleg med sjukepleiarutdanning, men andre søkjarar med erfaring frå ortopedi eller liknande stillingar vil verte vurdert. Tilsetting frå snarast.
Stillinga kan kombinerast med andre avdelingar på sjukehuset.
Stillinga inngår i team som planlegg operasjonar for fagområdet ortopedi.
Vi har frå før 80% fast operasjonsplanleggar som ein vil samarbeide tett med.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge operasjonsprogram og kalle inn pasientar til dagkirurgi og innlegging
- Samarbeide med legar, operasjonsavdelinga, sengepost og poliklinikk for å lage gode pasientforløp
- Svare på henvendingar frå pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Nytte Orbit og Dips til operasjonsplanlegginga
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Erfaring: klinisk erfaring frå kirurgi, optopediske pasientar eller operasjonsplanlegging er ein fordel men ikkje eit absolutt krav.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling
- Gode IKT kunnskapar
- Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert i varetekne.
Personlege eigenskapar
- Må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar.
- Ønskjer ein medarbeidar som er positiv, serviceinnstillit, løysningsorientert og som tek utfordringar.
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team, gode samarbeidsevner er eit krav.
- Jobbe strukturert og målretta.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- God opplæring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Stillinga er dagtidsstilling med moglegheit for kombinasjon med turnus.
- Kan tilrettelegge arbeidsdagane for søkjarar med anna deltidsstilling.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne-Malene Hande, Einingsleiar, +47 477 52 466Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4911718407
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 12.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne-Malene Hande
Einingsleiar
+47 477 52 466
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847474
- Hentet fra
talentech
- Referanse
52eb7dcb55704c12bc971328f8aa3900