Byggesakshandsamar, 100 %
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Byggesakshandsamar, 100 %
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Vil du ha ein variert arbeidskvardag innan sakshandsaming etter plan- og bygningslova?
Tysnes kommune søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar til stilling som byggesakshandsamar. Du får varierte og spannande oppgåver innan byggesakshandsaming og blir ein viktig bidragsytar i utviklinga av kommunen. Arbeidet omfattar mellom anna sakshandsaming etter plan- og bygningslova og tilhøyrande regelverk, samt rettleiing av innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar. Du vert også involvert i prosjekt med kartlegging og oppfølging av ulovlege tiltak i strandsona.
Stillinga høyrer til under teknisk etat og rapporterer fagleg til byggesakshandsamar med fagansvar, medan kommunalsjef teknisk har personalansvar. Teknisk etat består av byggesak, kart- og oppmåling, prosjekt og tel i dag sju tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø prega av engasjement, fagleg interesse og vilje til å finna dei beste løysingane.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av byggjesøknader, dispensasjonssøknader og klager etter plan- og bygningslova.
- Rettleiing og rådgjeving til søkjarar, tiltakshavarar og samarbeidspartnarar.
- Tilsyn og oppfølging av ulovlege forhold i tråd med plan- og bygningslova og gjeldande strategiplan.
- Førebu saker for politisk handsaming og delta på møta ved behov.
- Delta aktivt i utvikling og forbetring av rutinar og faglege prosessar i eininga.
- Andre relevante oppgåver kan påreknast.
Kvalifikasjonar
Du har:
- Relevant høgare utdanning (minimum bachelorgrad) innan byggfag, ingeniørfag, arkitektur, jus eller tilsvarande.
- Kjennskap til plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter.
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk. Kommunen nyttar nynorsk som målform.
- God digital kompetanse og erfaring med sakshandsaming.
- Førarkort klasse B.
Det er ein fordel om du har erfaring med:
- Offentleg forvaltning og byggjesakshandsaming.
- Arbeid med arealplanlegging.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Arbeider sjølvstendig og strukturert.
- Har gode samarbeidsevner.
- Er utviklingsorientert og har vilje til endring og kunnskapsdeling.
- Har interesse for samfunnsutvikling og evne til å levera innan frist.
- Har god evne til å kommunisera og skapa god dialog med utbyggjarar, næringsliv og privatpersonar.
Personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av ein variert arbeidskvardag med både små og store prosjekt som påverkar lokalsamfunnet? Då trur vi du vil trivast hos oss!
Hos oss får du jobba tett med kompetente kollegaer på tvers av fagområde i eit arbeidsmiljø som fremjar læring og deling. Du blir tilsett som byggesakshandsamar. Stillinga er løna etter avtale i kapittel 5, med årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.
Du blir medlem i KLP – Kommunal Landspensjonskasse – som har blant landets beste pensjonsvilkår og høve til gunstig bustadlån.
Me tilbyr fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor ved behov, men ynskjer hovudsakleg tilstadeverande arbeid på kontoret for å sikre samarbeid og god informasjonsflyt.
I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årleg frå 2026, når Ny ordning for diskriktskommunar trer i kraft.
Har du spørsmål, eller vil du høyra meir før du søkjer? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonen som er oppført i annonsen.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1c3cbab-b6a7-429d-a73f-4b8c8a811e4f
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274420
Lignende annonser
Helsefagarbeidar natt
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Byggforvalter, Etat for bygg og eiendom
Arbeidsgiver
EBE Byggteknisk avdeling, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal, Tysnes