Faglærer nautiske fag
OPK-FV - Avd. Maritim Nygård, Vestland fylkeskommune
Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Faglærer nautiske fag
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og rettleiing innan nautiske emne.
- Utarbeiding og oppdatering av undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med gjeldande studieplan og forskrifter.
- Planlegging og gjennomføring av praktiske øvingar og simuleringar.
- Oppfølging og vurdering av studentane si faglege utvikling.
- Samarbeid med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa.
- Bidra til vidareutvikling av fagområdet og utdanningstilbodet.
Kvalifikasjonar
- Dekksoffisersutdanning med grunnlag for å løyse D1 (fagskole eller bachelorgrad frå høgskule/universitet)
- Har løyst Dekksoffisersertifikat D3 eller høgare (trenger ikkje være gyldig)
- God munnleg og skriftleg kompetanse i norsk og engelsk
Ønska kvalifikasjonar:
- Pedagogisk kompetanse og erfaring
- Dekksoffisersertifikat D1
- God IKT kompetanse
- Allsidig erfaring frå bransjen og innan fagområdet
- Relevant vidareutdanning
- DP-erfaring
Personlege eigenskapar
- Gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape gode relasjoner og liker samarbeid i team
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- En triveleg arbeidsplass sentralt i Bergen sentrum i et engasjert team av lærarar. Studiet har svært gode søkjartal og har motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen.
- Fleksibel arbeidstid med moglegheiter for heimekontor. Arbeidstida følger skoleåret med avspasering i skoleferiane.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår. Lønn tar utgangspunkt i sentral garantilønn KS . Lønnsnivå avhenger av utdanningsnivå, ansiennitet og sertifikat. Søkarar med D1-sertifikat vil bli løna som lektorar uavhengig av utdanningsnivå. Garantilønn frå 629 300 til 765 500 avhengig av ansiennitet. Pedagogisk utdanning gir lektor med tillegg.
- Etter- og vidareutdanning iht. myndigheiter sine krav for maritimt undervisningspersonale.
- Tilrettelegging for vidareutdanning
- Moglegheiter for å delta i utvikling, prosjekt, konferansar og meir.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Arbeidsstad studiestad Nygård (Odd Frantzens plass 6)
Kontaktinformasjon
Geir Jakobsen, +47 92280836Arbeidsstad
Odd Frantzens plass 65008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5178863554
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Geir Jakobsen
+47 92280836
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e17e8512-ee3b-4fd7-af55-7f95866a6bee
- Sist endret
10. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eecea3fff0f94c24818b63af161a43a0