Slagverkspedagog - 20% fast stilling
Alver kommune
Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Slagverkspedagog - 20% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. mai
Om stillinga
Alver kulturskule har ledig 20% fast stilling som slagverkspedagog frå 01.08.2025. Den som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule.
Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Om oss
Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg kompetanse som underviser om lag 700 kulturskuleelevar kvar veke. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst og me samarbeider i tillegg tett med dei ti skulekorpsa i kommunen, mellom anna om dirigentar og instrumentallærarar i korpsa. Kulturskuleundervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik, og undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Arbeidsoppgåver
• Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
• Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med klassisk/rytmisk slagverk som hovudinstrument.
- Relevant erfaring som slagverkspedagog innan skuleslaget.
- Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
- Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
- Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede.
Kven er du?
- Du har evne og vilje til å bygge gode relasjonar, samarbeid og kunne jobbe i team
- Du har godt humør, er fleksibel og løysingsorientert og har eit stort engasjement for faget og elevane
- Du tek initiativ og ansvar og er ein positiv bidragsytar i kollegiet
Me tilbyr
Døme:
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med [opplæringsl § 10- 9] vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kulturtenesta i Alver er organisert i fire avdelingar med til saman kring 90 tilsette, og leverer tenester innan kulturskule, bibliotek, idrett, ungdomsklubbar, musikk, kulturvern, friluftsliv, scene, kulturbygg og frivilligsentralar.Kultur sine tenester er desentraliserte, og har hovudkontor i Knarvik.
Sektor
Offentlig
Nettsted