Hopp til innhold

Einingsleiar Teknisk drift i Surnadal kommune

Arbeidsgiver

Surnadal kommune Sentraladministrasjonen

Sted

Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du vere med å bidra til utvikling av dei kommunaltekniske tenestene i Surnadal kommune?Teknisk drift har ansvar for tenester innan veg, vatn, avløp, kommunal bygningsmasse, vaktmeister- og reinhaldstenester, brann- og redning, uteområde m.v.Vi skal tilsette ein leiar som kan motivere og leie ei eining med om lag 40 årsverk og eit årleg brutto driftsbudsjett på nær 90 millionar.

Du er flink til å samhandle og arbeide tverrfagleg for å oppnå gode resultat. Du har lyst til å bidra til utvikling av dei kommunale tenestene, du er nysgjerrig på ny teknologi og du trivst med å motivere og legge til rette for at medarbeidarane dine skal bli enno betre.
Arbeidsoppgåver:

- Overordna ansvar for dei tekniske tenestene

- Økonomisk og fagleg ansvar

- Overordna personalansvar for tilsette i eininga

- Prosjektutvikling og prosjektstyring

- Tverrfagleg samhandling og samarbeid

- Kommunikasjon med andre offentlege myndigheiter, eksterne aktørar og innbyggarane i kommunen

- Kompetanseutvikling i eininga

Det kan bli aktuelt med overtaking av befalsvakt.

Ønska kvalifikasjonar:

- Fortrinnsvis sivilingeniør/ingeniør eller anna relevant utdanning på master-/bachelornivå

- Arbeidserfaring frå aktuelle fagområde

- Leiarerfaring og/eller utdanning

- Du er resultatorientert gjennom systematisk arbeid og gode prosessar

- God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er viktig med tanke på dialog og dokumentasjon

- Førarkort kl.B

 

Vi kan tilby:

Lønn etter avtale med gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar. 
Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
Flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen og hjelp til å skaffe bustad.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Lars Inge Kvande, Kommunedirektør

+47 951 98 822

lars.inge.kvande@surnadal.kommune.no

Om bedriften

Sentraladministrasjonen består av administrativ leiargruppe, stabs - og støtte funksjonane i kommunen: Personal og stab som inneheld personalavdeling, dokumentsenter/arkiv, publikumsmottak / informasjon og politisk sekretariat. IKT-avdeling med intern brukarstøtte, opplæring, strategisk IKT, lokale IKT -prosjekt og IKT -prosjekt i IKT Orkide, samt digitale fellessystem. Økonomi med ansvar for budsjett, rapportering, rekneskap, innkjøp, fakturering og fakturabehandling, løn og refusjonar samt eigedomsskatt. Det interkommunale samarbeidet der Surnadal kommune har ei sentral rolle, Oppvekstnettverk Nordmøre, inngår også i området.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e11af018-d195-47fc-a75c-4ade32c83390

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3591365_182023_nn

Lignende annonser

Skiftledere

Arbeidsgiver

Pipelife Norge AS

Sted

Surnadal