Psykologspesialist/ psykolog
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/ psykolog
Antall stillinger
7
Vi har no behov for fleire psykologspesialistar/ psykologar, og vi gir rekrutteringstillegg for både psykologspesialistar og psykologar.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Poliklinikken har som satsningsområde utvikling av psykosekompetanse, samt vidareutvikle kompetanse på traumelidelse, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidelser (ROP). Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor disse lidingane. Dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse lidingane, vil det leggjast til rette for kompetanseheving.
Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 13,5 stillingar for psykologspesialist. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam (psykoseproblematikk), eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har poliklinikken også eit distriktsteam lokalisert i ei av våre opptakskommuner. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.
Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknyting, og hvilke fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med. Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet.
Oppstart for dei faste stillingar er frå snarast. Vikariata er ledige i perioda frå snarast og t.o.m. 30.09.2024 med mogelegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing/ diagnostisering og behandling, både sjølvstendig og i samarbeid med tverrfagleg team
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
- Rettleiing internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Psykologspesialist
- Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søkje da det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering
- Psykolog med lisens kan også søkje. Det vert lagt til rette for å få norsk autorisasjon
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
- Sertifikat klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og målretta
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet, vi inviterer til frokost og er på tur i nærområdet
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg på 50 000 for psykologar og 80 000 for psykologspesialistar
- Fleksibel arbeidstid
- Psykologer som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderes for konstituering som spesialist
- Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
- Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
- Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
- Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
- For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her Kristiansund | Sundbåten, klippfisk og Atlanterhavsveien
Instagram
KULTURBYEN KRISTIANSUND
Kristiansund Klatresenter
#nordmøre på Instagram
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.noArbeidsstad
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4704876939
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 24.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2436347
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a283270de3ec4187b8b1d42dc0f45b59