Budsjettkoordinator
Kultur- og likestillingsdepartementet
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Budsjettkoordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein ny medarbeidar i avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker.
Stillinga er ei fast stilling og er plassert i stab i avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker. Vi søkjer deg som har særleg interesse for og erfaring frå offentleg forvaltning, statleg budsjettarbeid, økonomistyring og etatsstyring. Det er behov for ein sjølvstendig medarbeidar som er erfaren og trygg og har evne til å ta initiativ til utvikling av gode prosessar for- og koordinering av budsjett, VP og etatsstyring. Du som søkjer, må også rekne med andre koordineringsoppgåver på fagfeltet.
KUD er eit relativt lite departementet prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- koordinere og følgje opp arbeidet med statsbudsjett og tildelingsbrev
- økonomistyring - i avdelinga, og i samarbeid med økonomieininga i departementet
- koordinere arbeidet med styring av dei underliggande verksemdene Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda og av likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
- følgje opp tilskotsforvaltninga på likestillingsområdet til departementet
- hjelpe til i VP-prosessen i avdelinga
- bidra med samfunnsøkonomiske analyse og utgreiing og vurdere effektar av ulike tiltak og ordningar
- gje faglege råd som kan bidra til å utvikle politikkområdet
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:
- dokumentert fullført høgare økonomiutdanning, fortrinnsvis på masternivå
- kunnskap om og solid erfaring med statleg budsjettarbeid og økonomistyring
- god forståing av embetsrolla og av forholdet mellom politikk og forvaltning
Lang relevant erfaring kan i nokre tilfelle vege opp for kravet til utdanning.
Den som blir tilsett i stillinga må kunne autoriserast for tilgang til informasjon gradert "BEGRENSET" etter sikkerhetsloven.
Personlege eigenskapar:
- vere fagleg trygg og sjølvstendig og ha gjennomføringsevne
- ha svært gode samarbeidsevner
- ha gode evner til strategisk og analytisk tenking
- ha eit godt humør, og vere initiativrik, utviklingsorientert og fleksibel
- har god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk, og beherske engelsk godt
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga, og du må vere budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet.
Vi tilbyr
Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Du vil bli innplassert som 1364 Seniorrådgjevar med løn frå 600 000,- til 760 000,- kroner brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv, slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Det gjeld særleg personar med nedsett funksjonsevne, personar med hol i cv-en og personar med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemnde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Elisabeth Lier Haugseth på tlf. 95997896 eller avdelingsdirektør Siw Ellefsen på tlf. 91178816.
Om avdelinga og seksjonen
Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar og koordineringsansvar på politikkområda likestilling og diskriminering, og ansvar for å følgje opp internasjonale konvensjonar og internasjonalt arbeid på områda. Avdelinga har i tillegg ansvar for regelverk på likestillings- og diskrimineringsområdet, kulturelt mangfald og generelle internasjonale kultursaker. Ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ligg til avdelinga. Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av verkemiddel innanfor politikkområda, med hovudvekt på lov- og politikkutvikling, tilskotsordningar, strategiar og handlingsplanar, forskings- og utviklingsarbeid (FoU) og styring av underliggjande verksemder. Avdelinga deltar i internasjonalt arbeid på det likestillingspolitiske og kulturpolitiske området i forum som FN, EU/EØS, Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD.
Avdelinga er samansett av to seksjonar og ein stab. Til saman har avdelinga 27 medarbeidarar.
Om bedriften
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
Sektor
Offentlig