Hopp til innhold

Sommarvert Nordfjord Folkemuseum og Holvikejekta

Arbeidsgiver

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Sted

Gota 16, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvert Nordfjord Folkemuseum
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. februar

Med oss fer du rikare!

Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader på Sandane i Gloppen.

Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har fått relevant arbeidserfaring, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!


Om stillinga

Vi søkjer engasjerte sommarvertar som vil vere med på å gi besøkande ei minneverdig museumsoppleving sommaren 2026. På Nordfjord Folkemuseum formidlar vi om korleis menneska har levd i Nordfjord frå 1600-talet og fram til i dag. 

Som sommarvert er du museets ansikt utad og ein viktig del av møtet mellom publikum og historia. Du ønskjer gjestar frå inn- og utland velkomen, gir informasjon og bidreg til at alle får eit triveleg, lærerikt og inspirerande besøk. 

Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle med varierte oppgåver:
  • Vertskap og publikumsmottak
  • Billettsal, resepsjon og informasjon
  • Drift av museumsbutikk og kafé
  • Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar
  • Synleggjering av museet, mellom anna i SoMe
  • Praktiske oppgåver knytt til dagleg museumsdrift
Vi ser etter deg som:
  • er fødd seinast i 2008
  • kan uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
  • trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
  • har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
  • har erfaring med SoMe
  • tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
  • stiller opp og er til å lite på
  • har ordenssans og får ting gjort

Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller formidling er ein fordel, men ikkje eit krav – du får opplæring.


Praktisk informasjon om stilling og søknad

Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 25. april. 

Arbeidet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid mellom 10:30-17:30 tysdag til søndag i periodane  20.06.2026-16.08.2026 på Nordfjord Folkemuseum og 02.05.2026 - 11.10.2026 på Holvikejekta.

Det er også aktuelt med enkeltvakter i helg og i samband med gruppe-besøk i skuldersesong frå 15. mai til 15. oktober. 

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida. 

Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.


Kontaktperson for stillingen

Anne Kristin Moe

Museumsleiar

+4795141894

annmoe@misf.no

Om bedriften

Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag.

Nordfjord Folkemuseum er eit folkemuseum og friluftsmuseum på Sandane i Gloppen kommune. I 2025 opna vi i eit heilt nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. 

På museet får du lære om livet i nordfjordbygdene gjennom fleire hundreår. Du kan oppleve 44 kulturhistoriske bygningar, den siste store jekta i Noreg, og ei stor gjenstandssamling.Publikumstilbodet vårt omfattar også utstillingar, arrangement og formidlingsopplegg. I hovudbygget på museet har vi museumsbutikk og ein enkel kafe. 

Les meir på Nordfjord Folkemuseum sin nettstad.

Museet ligg i idylliske omgjevnader med Trivselshagen (kulturhus, bibliotek, symjehall og treningsstudio) som næraste nabo. Det er også flotte turområde i nærleiken, og i Trivselsskogen finn du utsiktspunkt, dagsturhytte og ein heilt eigen kjærleikssti!

Nordfjord Folkemuseum er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, saman med fleire andre museum som De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Astruptunet, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Kvernsteinsparken og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Stiftinga har om lag 60 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane her: www.misf.no. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0a11fcf-0cf7-434e-a827-e4e228d7496f

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10280275

Lignende annonser