Fagarbeidar VVS/ Kulde/Ventilasjon/ Automatikar
Drift/teknisk divisjon/ Teknisk avdeling, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
VVS/Kuldeteknikar/ Ventilansjosteknikar/ Byggdrifter/Teknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. august
Teknisk avdeling er ei av til saman 9 avdelingar underlagd Drift-/teknisk Divisjon ved Helse Bergen. Drift-/teknisk Divisjon består i hovudsak av dei fleste ikkje-medisinske avdelingane til Helse Bergen. Divisjonen har om lag 900 tilsette, med eit mangfaldig og variert kompetansespekter.
Ansvarsområde for Drift-/teknisk Divisjon:
Ansvar for drift, reinhald, sikkerheit, vedlikehald av 455.000 m2 areal med bygningar og ansvar for medisinsk-teknisk utstyr til i overkant av 1 milliard kroner. Hovudansvar for planlegging av investeringar i nybygg, ombyggingar og innhenting av tilbod til utstyr som årleg ligg rundt 400 millionar kroner. I tillegg har divisjonen ansvar for arealplanlegging og arealdisponering/ arealtildeling på sjukehuset. Vi utstyrer og sjukehuset med mat, klede og transporttenester.
Arbeidsstad for stillinga er Teknisk Rus og Psykiatri, som er ei av 10 einingar ved Teknisk avdeling. Base og oppmøte plass er for tida lokalisert ved Sandviksleitet 1 (Sandviken sjukehus). Derfra reiser vi ut til lokasjonane som spenner seg frå Klokkarvik i sør, til Toska i Nord.
Seksjonen har ansvar for all drift og vedlikehald ved Rus og Psykiatri sine lokasjonar.
Stillinga inngår i eit tverrfagleg team på 12 personar.
Arbeidsoppgåver
- Søkar bør ha kjennskap til, varme, kulde automasjon og ventilasjon
- Arbeidsoppgåver vil primært omfatte dagleg drift og vedlikehald av dei kuldetekniske og ventlasjonsanlegga
- Drift og vedlikehald av kvitevarer
- Andre oppgåver etter behov
- Moglegheit for å delta i vaktordning
- Tverrfagleg arbeid med andre fagarbeidarar må også påreknast
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som Kuldeteknikar, Ventilasjonsteknikar, Byggdrifter, Røyrleggar, Automatikar
- Annan relevant utdanning kan vurderast
- Erfaring med drift av varme /kjøle og ventilasjonsanlegg er ein fordel
- Du held deg oppdatert på gjeldande lover og føresegner
- Kunne PC som arbeidsverktøy
- Må meistre Norsk med god skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Må ha førerkort klasse B
- God teknisk innsikt og systemforståing
- Fordel om søkar har F-Gass sertfikat
Personlege eigenskapar
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
- Arbeider strukturert med eit klart mål
- Arbeider sjølvstendig, og saman med andre i team
- Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Serviceinnstilt framfor kundane
- Trivst i eit miljø der ein vidareutviklar seg sjølv og andre kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitid (flesteparten begynner 07.00 og går heim ca 14.30)
- Betalt lunch
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tor Henning Knudsen, Einingsleiar, 55 95 83 29Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4949859544
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Tor Henning Knudsen
Einingsleiar
55 95 83 29
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e0992f4c-8b17-45fb-a7b7-2fe3e62dd600
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b69ebfedb64d4f238fd49509476ea67e