Kulturskulelærar i teater – Vikariat – 20%
Kultur, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kulturskulelærar i teater – Vikariat – 20%
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Er du engasjert i teater, og brenn for å formidle skaparglede og scenekunst til barn og unge? Då kan dette vere stillinga for deg!
Me søkjer ein inspirerande og fagleg sterk teaterlærar til eit 30 % vikariat ved kulturskulen. Kulturskulen er organisert under avdeling for kultur, idrett og fritid – og arbeider målretta og systematisk mot å fremje eit rikt og inkluderande kulturtilbod for barn og unge.
Som teaterlærar vil du få høve til å påverke og utvikle teaterundervisninga ved kulturskulen, både pedagogisk og kunstnarleg. Du blir ein viktig del av eit arbeidsmiljø som verdset samarbeid, kreativitet og elevmedverknad.
Som kulturskulelærar arbeider du ein del aleine, men me jobbar saman så ofte me kan, og møtest til personalmøte kvar veke. Som teaterlærar er det viktig å ha ei meining om kva faget skal vere, kva elevane bør lære og korleis dei bør utvikle seg over tid. Du må kunne arbeide sjølvstendig og det å ta eigne val er heilt avgjerande for å lukkast i ei stilling som dette.
Arbeidsoppgåver
Stillinga som teaterlærar har vore utan tilsett i eit år grunna permisjon. Difor vil store delar av stillinga gå til å sette i gong tilbod om teater i Vinje kulturskule på nytt. Her vil det vere stort rom for nyvinning og utvikling. Hovudmålet er å tilby eit fag med kvalitet og variasjon, retta mot eit mangfald av elevar.Kvalifikasjonar
- 3-årig kunstfaglig utdanning og praktisk pedagogisk utdanning
- Erfaring frå arbeid med born og unge
- Erfaring frå scenekunst og teater, særskild retta mot born og unge
Dokumentert erfaring frå tilsvarande stilling kan erstatte utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
Saman med elevane må du:
- vere blid og imøtekommande
- vere open og inkluderande
- vere strukturert og kreativ
- akrivt invitere til medverknad
I det daglege arbeidet må du vere:
- sjølvstendig og strukturert
- målretta og konstruktiv
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Løn etter lokal lønstabell
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4977021770
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e097c121-8a27-44d7-a4fe-9d92fc8dc33d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7014a91be9d64974a8d29e941a300d33