Hopp til innhold

Miljørettleiar

Arbeidsgiver

OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Saghaugen 3, 5411 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 81%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.

Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Stord vgs har ledig 2 faste stillingar som miljørettleiar i 81 % stilling, for tida knytt til tilrettelagt opplæring. Stillingane følgjer skuleruta og er av den grunn 81% med arbeidstid 5 dagar for veka når elevane er på skulen.

Menn vert oppmoda om å søke


Arbeidsoppgåver

Me søkjer engasjerte og fagleg trygge miljørettleiarar til ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med samansette og omfattande behov, mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og store kommunikasjons- og reguleringsutfordringar.

Avdelinga er i utvikling og utviding, og me ønskjer medarbeidarar som forstår at kvaliteten i den vaksne sin praksis er avgjerande for elevane si meistring, tryggleik og utvikling.
Arbeidet inneber tett samspel mellom opplæring, omsorg og helsefaglege oppgåver.

Me er tydelege på at dette er eit opplæringsmiljø, der miljørettleiar spelar ei heilt sentral rolle i gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet.
Som miljørettleiar hos oss vil du mellom anna:

  • arbeide tett med elevar i kvardags-, arbeidstrenings- og opplæringssituasjonar
  • bidra aktivt i gjennomføring av mål og tiltak i IOP
  • støtte elevar i kommunikasjon, samhandling, aktivitet og medverknad
  • bidra til tryggleik, regulering og struktur i kvardagen
  • delta i stell, forflytting, måltid og ADL-aktivitetar der det er nødvendig
  • samarbeide tett med lærarar, helsefagleg personale og leiing
  • vere ein aktiv deltakar i fagleg refleksjon og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som:

  • har høgskuleutdanning, gjerne vernepleiar, barnehagelærar eller tilsvarande utdanning. Fagbrev som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagutdanning kan også vera aktuelt.
  • har erfaring med, og/eller kompetanse innan bruk av ASK
  • har interesse for – og gjerne erfaring frå – arbeid med elevar med store og samansette behov
  • forstår at eleven si meistring ofte er situasjons- og relasjonsavhengig
  • er roleg, tydeleg og trygg i møte med krevjande situasjonar
  • evnar å halde fokus over tid og arbeide systematisk
  • trivst i lagarbeid og tek rettleiing på ein profesjonell måte
  • er lærevillig og open for fagleg utvikling

Personlege eigenskapar

Me legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

  • er lyttande, raus og samarbeidsorientert
  • har god reguleringsevne
  • kan ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • er fleksibel og taklar endringar i dagen
  • forstår eiga rolle i eit større fagleg system

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Storebrand
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer

Kontaktinformasjon

Mona Ulgenes, avdelingsleiar, 93499806

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5074010242
Stillingsprosent: 81%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 22.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Mona Ulgenes

avdelingsleiar

93499806

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0684bf2-e327-4201-9aef-a48deade0ac3

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1cbdc042c9d947b0a885aad664ddb3e4

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Lilletveitveien 71 bofellesskap, Bergen kommune

Sted

Nesttun