Til deg som ønskjer å vera med på å gjere ein forskjell for barn og unge
Nord Jæren barne- og ungdomssenter - avd. Lindøy, Bufetat
Lindøy 1, 4013 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Vaken nattevakt
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Ved Nord Jæren barne- og ungdomssenter , avd. Lindøy, søker vi etter engasjerte miljøterapeutar. Vi har for tida ledig ei fast nattevaktstilling på 16.11% frå snarest . I turnus jobbar ein kvar 4. helg. Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernslova §§ 5-1, 3-2. Ungdomane er i alder frå 13 - 18 år.
Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår heimeside: https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/nord-jaeren-barne-og-ungdomssenter-lindoy/
Nord Jæren barne- og ungdomssenter består av 4 avdelinger, Lindøy, Våland, Minde 1 og Minde 2. Hver avdelingen har 4 godkjente plasser
Arbeidsoppgåver
- Målstyrt miljøterapi og tilrettelegging for gode rutinar i overgongen kveld/natt.
- Ivareta ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Reinhald og matlaging.
- Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga, personalmøter og ungdomsmøter.
- Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring i Birk og anna skriftleg dokumentasjon.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkarar med anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
- Kandidatar med relevant erfaring utan 3-årig bachelorgrad kan vurderast.
- Studentar oppfordras til å søkje.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
- Sertifikat klasse B.
Det er ønskeleg med erfaring frå- og kjennskap til:
- Miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon.
- Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernlova.
- Tryggleik og sikkerheit.
- Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:- Har gode evner til å bygge relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
- Er løysingsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
- Er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
- Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
- Har evne til romslegheit, fleksibilitet og sjølvstende.
- Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Har god fysisk og psykisk helse.
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Godt fagleg og sosialt miljø. Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Deltaking i kompetanseutvikling. Gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkare, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikke avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Nord Jæren barne- og ungdomssenter avdeling Lindøy.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.Kontaktinformasjon
Jane Byrkjedal, Avdelingsleiar, 977 55 035, jane.byrkjedal@bufetat.noArbeidssted
Lindøy 14013 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5074004758
Stillingsprosent: 16,11%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e06686f8-6bf9-4e94-a7a2-873ccb367e24
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
21276d624bba4a97a318b3789d49b1c8
Lignende annonser
Vaken nattevakt
Arbeidsgiver
Nord-Jæren barne- og ungdomssenter- Minde 2
Sted
Sandnes
Nattevakt, våken
Arbeidsgiver
Dagsenter og avlastning: Bolig - Madla barne- og ungdomsbolig nr. 27, Stavanger kommune
Sted
Hafrsfjord
Arbeidsgiver
Barn- og avlastningstjenester, Gjesdal kommune
Sted
Ålgård