Hopp til innhold

Konsulent kontoradministrasjon

Arbeidsgiver

Tussa

Sted

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent kontoradministrasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Om stillinga

Tussa søkjer ein positiv, serviceinnstilt og strukturert konsulent til kontoradministrasjonen. Stillinga er eit sentralt kontaktpunkt i Tussa og omfattar ansvar for sentralbord og resepsjon, i tillegg til oppgåver innan arkiv, dokumenthandtering, kommunikasjon og administrativ støtte.  

Kontoradministrasjonen har fem medarbeidarar og er ein del av kommunikasjonsavdelinga i Tussa Kraft. 

Tussa Kraft er morselskapet i Tussakonsernet og yter tenester innan økonomi, finans, innkjøp, berekraft, lønn/personal/HMS, kontoradministrasjon og kommunikasjon til dotterselskapa. Tussa Kraft har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og har 22 faste tilsette.

Vi ser etter deg som: 
  • Har godt humør og yter god service
  • Er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
  • Trivst med mykje kontakt med kundar, besøkjande og kollegaer
  • Har god digital forståing og lett for å lære nye system
  • Har interesse for arkiv- og dokumenthandtering
  • Har særs gode nynorskkunnskapar og sans for godt språk
  • Er fleksibel og samarbeidsorientert

Arbeidsoppgåver:

Som konsulent hos oss vil du mellom anna:
  • Ha ansvar for sentralbordet i Tussa
  • Bemanne og vidareutvikle resepsjonstenesta på Tussatun
  • Ta imot kundar, gjestar og samarbeidspartnarar
  • Handtere post og besøksrutinar
  • Arkivere, journalføre og handtere dokument
  • Medverke i førebuing og koordinering av styresaker
  • Lese korrektur og kvalitetssikre dokument
  • Bidra til at Tussa nyttar nynorsk på ein korrekt og profesjonell måte
  • Yte brukarstøtte og administrativ støtte til organisasjonen
  • Ha ansvar for innkjøp og lagerhald av profilartiklar
  • Bidra i sponsorarbeid og koordinering av sponsoraktivitetar
  • Oppdatere innhald på Tussa sitt intranett
  • Utføre andre administrative oppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav

Vi ønskjer at du har: 
  • Utdanning innan kontorfag, service eller liknande
  • Erfaring frå resepsjon, sentralbord, arkiv, kundeservice eller administrative oppgåver
  • Gode IT-kunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk

Erfaring med Acos Websak+ er ein fordel, men ikkje eit krav. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 


Vi tilbyr

  • Ein variert og sosial jobb i eit framtidsretta konsern
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og hjelpsame kollegaer
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår
Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=jJeoa9RDzK2Haoya

Kontaktperson for stillingen

Ann Kristin Einbu

Kommunikasjonssjef

+47 47 41 96 65

ann.kristin.einbu@tussa.no

Om bedriften

Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Over 230 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, IKT og installasjon.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0645883-fd9d-45ee-a2c3-d1fbc44657c6

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306201

Lignende annonser

Laster lignende annonser