Jobbkonsulentar
Furene Utvikling As
Furene 8, 6105 Volda
Om jobben
Vil du hjelpe fleire inn i arbeidslivet? Furene Utvikling AS har ledige vikariatstillingar som jobbkonsulent.
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Jobbkonsulent arbeidsmarkedsbedrift
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som vil bruke yrkeserfaringa di til å hjelpe menneske med å finne, meistre og bli verande i arbeid.
Den eine stillinga skal levere arbeidsretta rehabilitering (ARR) Her er helsefagleg bakgrunn eit krav. I den andre stillinga legg vi stor vekt på relevant kompetanse frå andre fagområde også.
Arbeidsoppgaver
Hos oss får du jobbe tett med menneske som treng støtte til å kome i arbeid eller utdanning, eller til å finne gode løysinar på eigen arbeidsplass. Du blir kjend med kva den enkelte kan og ønskjer, og samarbeider med lokale arbeidsgjevarar om arbeidsoppgåver, opplæring og tilrettelegging.
Oppgåvene omfattar mellom anna å-
samarbeide med arbeidsgjevarar om praksisplassar, arbeidsutprøving og formidling til jobb
-
gi karriererettleiing og følgje opp personar i å ta gode val for å skaffe seg eller behalde arbeid
-
samarbeide med Nav og andre samarbeidspartnarar
-
dokumentere arbeidet og rapportere i tråd med gjeldande krav
-
undervise i mindre grupper
-
samarbeide med lokalt næringsliv om kompetansebehov, opplæring og vegar til formell kompetanse
Kven ser vi etter? Du er trygg i møte med ulike menneske og byggjer tillit over tid. Du lyttar, stiller tydelege forventningar og vågar å utfordre når det kan hjelpe nokon vidare. Når fleire treng oppfølging samtidig, klarer du å prioritere og halde oversikt over avtalar, fristar og mål. Du uttrykkjer deg godt munnleg og skriftleg, kjenner næringslivet på Søre Sunnmøre og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Kvalifikasjonar
-
Bachelorgrad, fagbrev eller tilsvarande innan eit relevant fagområde, til dømes sosialfag, pedagogikk, HR, marknad eller sal
-
Helsefagleg utdanning for vikariatet innan ARR
-
Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje deg inn i nye verktøy og system
-
Førarkort klasse B og høve til å bruke eigen bil i arbeidet
Vi tilbyr
-
Varierte arbeidsoppgåver og rom til å finne gode løysingar saman med kollegaer og arbeidsgjevarar
-
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og eit aktivt trivselslag
-
Opplæring i relevante verktøy og tilgang til fagfellesskapet i Kopano
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Gro-Lise M. Rise
HR-personalleiar
97487094
Om bedriften
Furene er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med hovudkontor i Volda og med avdelingar på Dragsund, Fiskå, Ulsteinvik og Hareid. Sidan 1971 har vi jobba for å gi menneske med ulike behov mulegheit til å bruke ressursane sine i arbeidslivet.
Vår hovudeigar er Norges Handikapforbund, og dei sju kommunane på Søre Sunnmøre er medeigarar. All verdiskaping går tilbake til verksemda og lokalsamfunnet.
Dette gjer vi
-
Arbeidsretta tiltak: Vi hjelper personar med rettleiing og tilrettelegging for å kome i jobb eller utdanning.
-
Produksjon og tenester: Vi har fleire avdelingar som leverer varer og tenester med høg kvalitet -- og gir mulegheiter til opplæring og arbeid.
-
Tilrettelagt arbeid: Vi tilbyr faste arbeidsplassar for menneske som treng varig tilrettelegging.
-
Samarbeid: Vi jobbar tett med arbeidslivet og NAV for å skape moglegheiter og levere kompetent arbeidskraft.
Sektor
Privat
Nettsted
Facebook
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ee321724-7c9d-4d2e-8b2d-1e15ffb840a4
- Sist endret
24. november 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ee321724-7c9d-4d2e-8b2d-1e15ffb840a4