ID 2386 Rektor - Vaksenopplæringa
Stord kommune
5417 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor,, einingsleiar
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Vaksenopplæringa (VO) har ansvar for opplæring etter integreringslova med norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege, og opplæringslova med FOV, førebuande opplæring for vaksne (grunnskuleopplæring), vurdering av realkompetanse og i enkelte høve ITO, individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare kalla spesialundervisning). Tal elevar i VO har variert mellom 250 og 150 og er har i dag om lag 160 og 16 tilsette.
Vaksenopplæringa i Stord kommune har ledig fast 100% stilling som rektor frå og med 01.08.25. Me søkjer ein leiar som-
er engasjert, positiv, strukturert og har gode samarbeidsevner
-
vil utvikla og leia det pedagogiske arbeidet på skulen i samarbeid med elevar, lærarar og andre tilsette gjennom godt partssamarbeid
-
er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
-
veit korleis ein skal byggja god organisasjonskultur og praktiserer relasjonsleiing
-
har evne til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
-
involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune
-
har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for vaksenopplæringa og kommunen sine plikter i medhald av desse
Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krava om kompetanse. Personlege eigenskapar, kompetanse og erfaring innan administrasjon og leiing, samt ev anna relevant erfaring og praksis vert lagt vekt på. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. Opplæringslova § 17-11.
Stord er ein to-nivå--kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret for undervisninga, har einingsleiar/ rektor og ansvar for oppfølging av tilsette, drift og økonomi. Einingsleiar/ rapporterer til kommunalsjef, og der rettar, plikter og mål vert omtala.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt tlf. 41 41 65 03
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e047ae70-c0f5-4a36-bca9-7ce2869be621
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e047ae70-c0f5-4a36-bca9-7ce2869be621
Lignende annonser
Assisterende avdelingsleder
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Barnehagelærar
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord