ID 2388 Barnehagelærar - Skogatufto barnehage
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Skogatufto barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i sentrumsnære omgjevnadar. Frå barnehagen er det kort veg til naturområde med skog, vatn og sjø. Psykologisk tryggleik og arbeidsglede blant våre medarbeidarar som rammer for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, er av stor tyding for oss.
Skogatufto barnehage har ledig 100% vikariat som barnehagelærar i perioden 15.12.25 - 28.02.26Barnehagen søkjer deg som er god på å hoppe inn i det etablerte og samstundes evner å vere konstruktiv og nytenkjande. Motivasjonen din kjem innanifrå og du fin glede i å ha innhaldsrike og varierte dagar.
Å omsetja planar til handling og å ha barna med som aktive aktørar i sin eigen barnehagekvardag, er evner du har. Ved å spele på lag med dine medarbeidarar bidreg du til, og forventar du, kvalitet og eit konstruktivt miljø til beste for barn, føresette og andre.
Ansvar og oppgåver
-
medansvar for utøving av pedagogiske arbeid, med godt fagleg skjønn
-
planlegge, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve barnegruppe eller det område, i samarbeid med pedagogisk leiar
-
fagleg rettleiing av øvrig personale
-
foreldresamarbeid
Kvalifikasjonskrav:
-
Søkjar må ha utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
-
Barne- og ungdomsarbeidarar kan og søke og vert vurdert til stillinga om det ikkje søkjer barnehagelærarar
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
-
Løn etter utdanning og kvalifikasjonar, og i samsvar med kommunalt avtaleverk.
-
Ved tilsetjing må politiattest føreliggja.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Kontaktperson: Einingsleiar Hildebjørg Røssberg, tlf 53403380 / 97552185
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a145df7-af6c-4757-bc23-0ab757394ff2
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7a145df7-af6c-4757-bc23-0ab757394ff2
Lignende annonser
barne- og ungdomsarbeider, Fagarbeidar
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Løvås oppveksttun - barnehage, Bergen kommune
Sted
Fyllingsdalen
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Hestavoll barnehage
Sted
Odda