Hopp til innhold

Seniorrådgivar

Arbeidsgiver

Nav Sogndal // Tenester til arbeidsgjevar

Sted

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Om jobben

Stillingstittel
Seniorrådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 16. september

Koordinator for Marknadsteamet i Nav region SognOm Nav region Sogn

Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Marknadsteamet arbeider på tvers av kommunane og skal bidra til at Nav er ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar for arbeidsgivarar i regionen.  Gjennom målretta rekrutteringsarbeid, inkludering og tett samarbeid med næringslivet skal marknadsteamet bidra til at fleire kjem i arbeid og at arbeidsgivarane får tilgang til kompetansen dei treng.

Vil du vere med å skape fleire moglegheiter i arbeidslivet?
Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. For å lukkast med dette er vi avhengige av tett samarbeid med arbeidsgivarar og god kunnskap om arbeidsmarknaden. Vi søkjer no ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til fast 100% stilling som koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn.  Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, inkludere og samarbeide med arbeidsgivarar i regionen. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026 og arbeidsstad er Nav Sogndal.


Kva går jobben ut på?

  • koordinere og vidareutvikle marknadsarbeidet i Nav region Sogn i tråd med nasjonale satsingar innan arbeidsinkludering
  • byggje og vidareutvikle relasjonar til arbeidsgivarar og næringsliv i regionen, samt kartleggje arbeidsgivarane sine kompetanse- og rekrutteringsbehov
  • planlegge og gjennomføre minijobbmesser, WorkOp, informasjonsmøte og andre rekrutteringsaktivitetar
  • samarbeide tett med leiarar, rådgjevarar og regionale fagteam i Nav region Sogn
  • vere kontaktperson mot bedrifter ved permittering, nedbemanning og omstilling
  • delta i fylkesvise og nasjonale marknadsnettverk og samarbeide med kommunar, fylkeskommunen,  opplæring- /utdanningsmiljø og andre samarbeidspartar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå.  Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring frå arbeid med arbeidsgivarar, rekruttering eller arbeidsmarknadsarbeid
  • god forståing for arbeidsmarknaden og arbeidsgivarane sine behov
  • gode digitale ferdigheiter
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • førarkort klasse B

 

Det er ein fordel om du har
  • erfaring med relasjonsbygging og nettverksarbeid
  • erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid
  • kjennskap til næringslivet i Sogn

Kven er du?

  • byggjer tillit og gode relasjonar med arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og kollegaer
  • tek initiativ og er ein pådrivar for utvikling og nye moglegheiter
  • deler kompetanse, inspirerer og motiverer kollegaer til å styrkje det arbeidsgivarretta arbeidet
  • får med deg andre gjennom samarbeid, involvering og gode relasjonar

Kvifor velje oss?

  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde 
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer  
  • relevant opplæring og gode høve til utvikling  
  • fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
  • løn i stillingskode 1364 seniorrådgivar frå  kr 694.000 - 729.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
  • god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse 

Kontaktinformasjon

Jonas Grotle Førde, Nav-leiar Vik, 97614679, jonas.grotle.forde@nav.no
Rigmor Wathne, Avd. leiar Tenester til arbeidsgivarr, 47286676, rigmor.wathne@nav.no

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5172555856
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Rigmor Wathne

Avd. leiar Tenester til arbeidsgivarr

47286676

rigmor.wathne@nav.no

Jonas Grotle Førde

Nav-leiar Vik

97614679

jonas.grotle.forde@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0436a73-375d-4b4c-aa09-328e2815a7ed

Sist endret

2. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6fe77abcfc03466cb1c119e3992ed034

Lignende annonser

Laster lignende annonser