Vil du ha ei nøkkelrolle i ei av dei mest spanande havbruksregionane i Noreg?
Alsaker Fjordbruk AS
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftssjef i Alsaker Fjordbruk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. august
Vil du ha ei nøkkelrolle i ei av dei mest spanande havbruksregionane i Noreg?
Me søkjer ein handlekraftig og engasjert driftssjef til det overordna ansvaret for våre oppdrettslokalitetar i søre del av Sunnhordland.
Noverande driftssjef går over i anna stilling i konsernet -- og me ser no etter hans etterfølgjar.
Om stillinga:
Som driftssjef får du ansvaret for den daglege drifta ved 8 lokalitetar. Du skal leie og utvikle eit solid team på om lag 30 faste tilsette, og sørgje for god koordinering, effektiv ressursbruk og god flyt i produksjonen. Rolla krev tydeleg leiing, operativ forståing og evne til å motivere andre.
Alsaker Fjordbruk er ein stor produsent av laks i området. Alle i organisasjonen har stort fokus på å oppnå gode resultat, både med omsyn til biologi og økonomi , og driftssjefen vert ein del av dette teamet.
Du vil bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Arbeidsoppgåver:-
Ansvar for drift og produksjonsplanlegging
-
Følgje opp arbeidsoperasjonar, vedlikehald og HMS
-
Bidra til kontinuerleg forbetring og effektivisering
-
Personalansvar, herunder koordinere, motivere og utvikle medarbeidarane
-
Tett samarbeid med konsernleiing og andre avdelingar
-
Leiarerfaring og/eller relevant utdanning innan akvakultur eller havbruk
-
Evne til å tenkje heilskapleg, løysingsorientert med evne til tydeleg kommunikasjon
-
Engasjement, handlekraft og motivasjon
-
Trivst med ansvar og evnar å ta gode avgjerder
-
Jobb i eitt av dei leiande private oppdrettskonserna i Noreg
-
Ein organisasjon med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar
-
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit variert og hektisk miljø
-
Konkurransedyktige vilkår og gode moglegheiter for vidare utvikling
Søknader vil bli vurdert fortløpande fram til søknadsfristen.
Om bedriften
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e04129d5-15c9-4f33-afcf-dc20134661a7
- Hentet fra
FINN
- Referanse
414163724