Borgund vgs - Inntil 100% midlertidig stilling Elektro og datateknologi
Borgund Vidaregåande Skole
Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Vi treng fleire lærarar! Bransjane treng fagfolk!
Borgund vidaregåande skole har den største elektrofagavdelinga mellom Bergen og Trondheim, og er ein av dei yrkesskulane med breiast fagvifte i landet innan elektrofag. Dette er ei utdanning for framtida, med store krav til å halde seg oppdatert etter kvart som ny teknologi vert utvikla.
Vi er på leit etter deg som har fagbrev og høgare utdanning innan eitt av programområda på EL - og som har lyst til å jobbe med ungdom! Hos oss får du arbeide i lag med kompetente kollegaer, læraryrket er fantastisk givande - dette kan fort bli drømmeyrket!
Som faglærar skal du
- Planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
- Vurdere elevane sitt arbeid og gje dei tilbakemeldingar dei kan lære av
- Samarbeide med bransjane og syte for at elevane får utplassering
Vi ønsker at du
Har fagbrev frå eit av programområda
Har høgare utdanning på fagskulenivå
Har undervisningskompetanse
Har gode samarbeidsevner og likar å lære i lag med andre.
Trivst saman med ungdom.
Er tålmodig og vennleg.
Har generell god IKT kompetanse.
Har evne til å danne gode relasjonar med elevane.
Vi tilbyr
Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Borgund vgs. er ein yrkesfagskole med meir enn 1100 elevar og 7 ulike utdanningsprogram. Skolen ligg i Fremmerholen, og har 235 tilsette.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2297258
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e025c7db-0ff3-454b-bf77-b9d3630bcf80