Sommarjobb på Jørstadmoen
Forsvarsbygg
2625 Fåberg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb på Jørstadmoen
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest torsdag 3. april
Forsvarsbygg på Jørstadmoen søker sommarvikarar til ulike oppgåver. Vi ønsker å tilsette ca. 2-3 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift - for eksempel klipping av plenar, rydding og liknande.
Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3- 4 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 25-33). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Utandørs vedlikehald
- Park og hage
- Påkommande oppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 18 år
- Må ha førarkort kl. B
- Må kunne autoriserast før oppstart
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
Vi tilbyr
Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 404 900,- i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
Fred Vidar Berntsen, Områdeleiar, 958 37 692Arbeidsstad
2625 Jørstadmoen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: ForsvarsbyggReferansenr.: 4931196442
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 03.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Fred Vidar Berntsen
Områdeleiar
958 37 692
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2886378
- Hentet fra
talentech
- Referanse
08af901386604a9888cbd58dd7ee4df0