Hopp til innhold

KYRKJEMUSIKAR I 40 % FAST STILLING

Arbeidsgiver

Nord-Fron Kyrkjelege fellesråd

Sted

Nedregt. 50, 2640 Vinstra

Om jobben

Stillingstittel
Kyrkjemusikar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

morten.hagen@nord-fron.kommune.no

Arbeidsoppgåver:

Deltaking ved gudstenester/kyrkjelege handlingar og anna musikalsk verksemd i sokna. Og deltaking i konfirmant- og trusopplæring. Andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelle etter avtale med kyrkjeverje.

Kvalifikasjonar:

Kyrkjemusikalsk utdanning eller liknande. Utdanningsbakgrunn kan f.eks. være musikkhøgskule/musikkonservatorium, høgskule med kyrkjemusikklinje.
Søkarar som kan spele orgel, vert prioritert.

Andre med annan relevant utdanning/bakgrunn er velkomen til å søkje. - Erfaring og interesse for kyrkjelydsarbeid er ein fordel.

Kyrkjemusikar må ha førarkort minimum kl B, då tenestestadene strekkjer seg over eit større område. Kjøregodtgjersle etter Statens reglement. - Det vert kravd medlemskap i Den norske kyrkje, jfr. kirkeloven §29.

• Det vil særlig bli lagt vekt på personleg eignaheit som gode samarbeidsevner, evne til å motivere og inspirere medarbeidarar og kyrkjelyd, vere fleksibel, kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha tilfredsstillande norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Tilsettinga skjer etter gjeldande lover og reglement og KA sine tariffavtalar. Pensjonsordning i KLP. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort.

**Søknadsfrist er snarast mogleg.**Søknad med CV, attestar og namn på minst to referansepersonar sendast til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd, Nedre gt. 50, 2640 Vinstra eller e-post: morten.hagen@nord-fron.kommune.no. Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje på telefon 975 36 584.

Kontaktperson for stillingen

Morten Hagen

Kyrkjeverje

61216290

morten.hagen@nord-fron.kommune.no

Om bedriften

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd har 9 tilsette i staben i tillegg er det to sokneprestar som er tilsett i Hamar bispedømme.

Vi kan tilby en trivelig arbeidsplass med gode kollegaer. Vi har fire kyrkjer og to kapell i dei fire sokna våre; Sødorp, Kvam, Kvikne og Skåbu. Kyrkjekontoret at har tilhald i Nedregate 54 på Vinstra.

Nord-Fron kommune har ca. 5700 innbyggjarar, høyrer inn under Nord-Gudbransdal prosti og ligg ca. 8 mil nord for Lillehammer i naturskjønne område. Nord-Fron kommune har eit rikt musikk- og kulturmiljø. Kommunesenteret Vinstra er eit viktig handels- og næringssenter som er godt utbygd med barnehagar, barneskolar, ungdomsskole, kulturskole og vidaregåande skole/kompetansesenter.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0023075-8f36-4858-8aa3-2f190fc70fc3

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

e0023075-8f36-4858-8aa3-2f190fc70fc3

Lignende annonser