Nyoppretta nattpatrulje -sjukepleiarar
Helse og omsorg, Vartdal og Sæbø
Dalevegen 6, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nyopretta nattpatrulje- sjukepleiarar
Type ansettelse
Fast, deltid 66%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. mai
Er du klar for ei spennande og ny utfordring? Då er dette jobben for deg! Vi søkjer engasjerte og ansvarlege sjukepleiarar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i utvilkling for framtida.
Vi har 3 x 66 % nyoppretta stillingar som ambulerande nattevakt i heimebaserte tenester på Vartdal og Sæbø. Dette er ei unik muligheit for deg som vil bidra til å sikre kvalitet, tryggleik og kontinuitet for våre brukarar gjennom natta.
Arbeidsoppgåvene vil primært innebære å ivareta nattevakt i heimebaserte tenester, med fokus på tryggleik og oppfølging av brukarar på natt. Du vil vere ein viktig del av eit team som skal sikre at tenestene er tilgjengeleg og tilpassa brukaren sine behov.
I tillegg til oppgåvene i heimebasert teneste kan det vere behov for at du bistår ved alle 3 institusjonane etter behov, avhengig av situasjonen og behova som oppstår i tenesteområdet.
Arbeidsområde vil dekke tenesteområda Vartdal og Sæbø på natt, og du vil vere ein del av eit tverrfagleg team i samarbeid med både heimetenesta og institusjonane i området
- Vartdal Helsetun er lokalisert ca.24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar, fordelt på 9 plassar i sjukeheim og 18 plassar i bulkolletiv og administrerer heimebaserte tenester i Vartdal regionen.
- Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 18 plassar. Hjørundfjordheimen administrerer heimebaserte tenester i Hjørundfjorden.
Vi jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
For å lukkast i vår kultur er det viktig at du er ein pådrivar for blant anna heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvefordeling og kvalitetsstandard.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Førakort klasse B, manuell gir
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og løysningsorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstending og ta avgjersle basert på faglege vurderingar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Vere ein god rollemodell
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Vere interessert i fagleg oppdatering i form av interne kurs
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår: 66 % natt inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon: Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer
at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren
sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og
kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet
om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag
for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg
søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.noNina Måseidvåg, Avd.leiar, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4939467182
Stillingsprosent: 66%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2914561
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ed63c03740894cc896de8c80222abe53