Trusopplærar i 70 % stilling
Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Ødegårdvegen 3, 6200 Stranda
Om jobben
Stillingstittel
Menighetsarbeider
Oppstart
6. november 2020
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Vi søkjer etter trusopplærar i 70 % fast stilling,
med oppstart så snart råd er etter 01.01.2021. Vi treng ein person som vil gå inn i trusopplæringa for born i alderen 0-13 år i alle sokna i fellesrådet sitt område.
Trusopplærar vil saman med kollegaer gå inn i trusopplæringsarbeidet i alle sokna i fellesrådet sitt område etter vedteken trusopplæringsplan. Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjer, kyrkjelydshus og bedehus, og i nært samarbeid med medarbeidarar og med sokneprest.
Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølv
Hovudarbeidsoppgåver:- Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år
- I samarbeid med trusopplærar og frivillige i sokna vidareutvikle trusopplæringsarbeidet for alle i alderen 0-18 år.
- I samarbeid med stab bidra inn i det øvrige kyrkjelydsarbeidet for born og unge.
- Utdanning innan kyrkjelydspedagogikk ein fordel.
- Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk og med relevant praksis, vil også verte vurderte. Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og ungdom.
- Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet
- Den som vert tilsett, må framlegge tilfredsstillande politiattest etter Kyrkjelova § 29.
- Du må vere medlem av Den norske kyrkje.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
- Hjarte for trusformidling til barn og unge
- God formidlingsevne og ønske om å formidle bodskapen om Jesus til barn og unge
- God evne til å planlegge og drifte ulike aktivitetar og tiltak
- God relasjonsbygger
- Kreativ og nyskapande
- God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team
- Ein god og triveleg arbeidsplass og samarbeid i team.
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg og personleg utvikling
- Tilsetting etter formelle kvalifikasjonar i kyrkjeleg undervisningsstilling
- Løn etter KAs tariffavtale, god pensjonsordning i KLP
- Tilsettinga skjer med Storfjorden kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og med sokna i Stranda og Fjord kommunar som arbeidsområde.
- Kontorstad Stranda kyrkjekontor.
- Du må trivast med ein del kvelds- og helgejobbing, plusstid avspaserast etter avtale
- Du kan verte pålagt av arbeidsgjevar å ta utdanning /kurs / fagleg oppdateringar om du manglar formell utdanning
Om bedriften
Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn i Fjord og Stranda kommunar med omlag 7200 innbyggjarar. Det vil vere omlag 10 årsverk fordelt på 18 personar i fellesrådet og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovedkontor er i Stranda.
Det er pr. idag tilsett 1,5 årsverk som trusopplærarar, og i tillegg har organist babysang og småbarnssang. Trusopplæringsarbeidet foregår i alle sokna, og i samarbeid med tilsette og frivillige.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
744481
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
dfb6fe38-58b5-4cb7-a0f1-9d823c834a32