Brenn du for å gjere ein forskjell for born og deira kvardag? Då har vi spennande stillingar for deg!
Ål kommune Oppvekstsektoren
Torget 1, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Ål kommune har ledig fleire 100% faste stillingar som pedagogisk leiar i ulike barnehagar, og med ulike oppstartsdatoar; frå oppstart snarast til oppstart 01.01.26.
I Ål kommune er det fem kommunale barnehagar. Barnehagane varierer i storleik, frå 2 til 6 avdelingar og er lokalisert både i sentrum og ute i grendene.
Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
Kvalifikasjonar- Utdanning som barnehagelærar, barnevernspedagog, vernepleiar eller anna relevant godkjent utdanning på bachelor-nivå.
- Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som
- Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
- Er glad i barn og har evne til å arbeide tett på barn.
- Er ein leikande vaksen, som har høg respekt for leiken til barna.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God evne til munnleg og skriftleg framstilling på norsk.
- Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr- Ein barnehage med eit godt fagleg miljø.
- Ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen.
- Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
- Rabattert treningssenter – ta vare på deg sjølv, også!
- Løn etter tariff og gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følger offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df8d85bd-e106-4b89-92da-e85761785f58
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3528441_200323_nn