Faglærar
Sjernarøy oppvekstsenter skule (7), Stavanger kommune
Sjernarøyvegen 898, 4170 Sjernarøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faglærar
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. august
Ein av våre fantastiske lærarar skal ut i foreldrepermisjon. Me har derfor ledig eit vikariat for lærar skuleåret 25/26.
Sjernarøy er ei øygruppe på sju øyar som ligg i Ryfylke i Stavanger kommune. Seks av dei sju øyane er bundne saman med bruer og det bur omlag 365 innbyggjarar på Sjernarøyane. Frå hausten 2025 har Sjernarøy oppvekstsenter 31 elevar i 1.-7.klasse i skulen, eigen SFO og barnehage. Me er ein fådelt skule, som betyr at du vil gi opplæring til elevar frå fleire trinn i samme klasse. Vår visjon er: "Ei stor lita verd - leik, læring og lykke".
Me har eit aktivt samarbeid på tvers av trinn. Oppvekstsenteret ligg flott plassert i landlege omgjevnadar. Sjernarøy oppvekstsenter har nynorsk som hovudmål. Du kan lese meir om Sjernarøy oppvekstsenter på heimesida vår; minskole.no/sjernaroy
Er du ein engasjert pedagog som brenn for elevane si læring? Då er kanskje du akkurat den me leitar etter!
Arbeidsoppgaver
Me er på jakt etter deg som har lyst å arbeide som lærar i småskulen.
Me har særleg fokus på leseopplæringa, fysisk aktiv læring og leikbasert læring.
Me er ein fådelt skule og det betyr at du blir lærar i fleire fag.
Kvalifikasjoner
Godkjent undervisningskompetanse for 1.-4. trinn.
Kompetanse innan grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring.
Erfaring frå undervisning og klasseleiing er ein fordel.
Det er ønskeleg med kompetanse innan norsk, matematikk og engelsk.
Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy. Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande nivå B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk.
Dersom ingen kvalifiserte søkjar på stillinga, kan det bli aktuelt med tilsetting av pedagogisk medarbeidar. Me vil då sjå etter nokon med erfaring frå arbeid i grunnskule og med barnefagleg kompetanse.
Personlige egenskaper
Du er innstilt på samarbeid og har evne til å jobbe målretta med undervisning og opplæring.
Du er fleksibel og har godt humør.
Du har gode evne til å byggje relasjonar og trives saman med elevar og føresette.
Du er god på klasseleiing.
Du er opptatt av at barnet sin tryggleik, der utvikling og læring står i sentrum.
Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.
Me har få vaksne å spele på, noko som stiller høge krav til kvar tilsett. Ein må ha gode relasjonelle ferdigheiter.
Hjå oss jobbar det kapteinar. Det inneber at me tek eigarskap, tek ansvar og finn løysingar i vêr og vind. Ein kaptein er inkluderande, forviten, lærevillig og god på relasjonar.
Vi tilbyr
Eit engasjerande og inspirerande miljø.
Løn i samsvar med hovudtariffavtalen til KS.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsbedrift (IA-bedrift).
Tilsette med godkjent undervisingskompetanse får hjå oss eit arbeidsstadstillegg (funksjonstillegg) på kr 50 000 per år. Dette gjer me for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft.
Tilpassa arbeidstid til ferjetider.
Moglegheit for aukning i stillingsprosent utover skuleåret.
Kontaktinformasjon
Jarand Mikael Larsen-Rodvelt, Avdelingsleiar, 45607269, j.larsen-rodvelt@stavanger.kommune.noAlice Helgøy, Rektor, 93093077, alice.helgoy@stavanger.kommune.no
Arbeidssted
Sjernarøyvegen 8984170 Sjernarøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger kommuneReferansenr.: 5005834267
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 27.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stavanger kommune er, med sine 11 000 ansatte, en av regionens største arbeidsgivere.
Vi mener inkludering og mangfold er en styrke. Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mulig grad skal gjenspeile mangfoldet i samfunnet, og oppfordrer alle kvalifiserte til å søke, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Vi jobber for heltidskultur med mål om å ansette i hele stillinger.
Som ansatt i Stavanger kommune får du utgjøre en forskjell for kommunen og innbyggerne og blir en del av en spennende storbyregion.
Vi bygger fellesskap ved å være nære, åpne og nyskapende
Offentlig søkerliste:
Stavanger kommune praktiserer prinsippet om meroffentlighet. Offentlig søkerliste vil normalt inneholde navn på samtlige søkere. Det må foreligge tungtveiende grunner for å få innvilget unntak, jamfør Offentleglova §25.
Politiattest:
Gyldig politiattest må fremlegges før tiltredelse for stillinger der det er påkrevd iht. lovverk.
Vedlegg:
Attester, vitnemål og vedlegg må legges ved søknaden. Vi oppfordrer til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning utført utenfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (eller NOKUT), og godkjenningen må dokumenteres.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df89aef0-70d0-4594-b2c5-5a8a7ed13193
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7d78b5d75f7e41079fccd6f90bb97117