Lyst på ein variert, viktig og givande deltidsjobb med ungdomsarbeid?
Kultur
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. november
Vi ser etter akkurat deg som likar at jobbkvardagen er variert og gjerne tek ei utfordring. Stillinga er i hovudsak knytt til ungdomsklubben, og du vil ta del i den daglege drifta.
Er du intern søkjar?
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Arbeidsoppgåver
Ungdomsklubben er eit ope tilbod for ungdom frå og med 8. klasse og til og med VGS-alder, og har gamingrom, bandrom, biljard, bordtennis, fotballspel mm . Det er også ein stad der ungdom berre kan kome og møtast.
Vi skal også opne BUA. BUA står for Barn-Unge-aktivitet og er ein nasjonal ideell organisasjon som gjer det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar – utan å auke forbruket. Vi skal tilby gratis utlån av utstyr til alt frå sport til friluftsliv, slik at alle får høve til å delta uansett økonomiske føresetnader.
Opningstidene på ungdomsklubben er måndag – fredag 14.00 – 16.00, og kveldsope ein dag i veka. Det er også ope med aktivitetar i haust – vinter- og ei veke i sommarferien. Arbeidstida kan vi tilpasse og avtale nærare. Du må vere budd på kvelds- og helgearbeid, og arbeid med andre arrangement for ungdom.
Program for ungdomsklubbenKvalifikasjonar
Det er ingen særskilde krav til formell kompetanse. Vi legg vekt på at du er personleg godt eigna til jobben, og ønskjer at du har god kjennskap til lokalmiljøet vårt.
Før du startar i arbeid må du levere godkjend politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
- tydeleg og bevisst rolla di i miljøet
- hjarte for ungdomar
- samarbeidsvillig og kontaktsøkjande, god observasjonsevne, fleksibel og initiativrik
- gode kommunikasjonsevner
- evne til å bidra aktivt til ein god arbeidsfelleskap gjennom dialog, samarbeid og anerkjenning når det gjeld både kollegaer og ungdommar
Vi tilbyr
- faglege utfordringar
- varierte og spanande arbeidsoppgåver
- løn og arbeidsvilkår gjeldande lover og avtaleverk
Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju etter nærare avtale.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Melinda Skeide, Einingsleiar, +47 41665873Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for samfunnsutviklingReferansenr.: 5040848225
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Melinda Skeide
Einingsleiar
+47 41665873
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df65193e-25a6-4466-bf1f-c22719649217
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
24a16139bd2a4c9489d4d21a1d44bcf6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ellingsøy barnehage, Barnehagar Ålesund ytre
Sted
Ellingsøy
Barne- og ungdomsarbeidar ved Godøy skule og SFO
Arbeidsgiver
Giske kommune, Godøy skule
Sted
Godøya
Tilkallingsvikar på Kaihuset ungdomshus og Open møteplass
Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Sted
Ørsta