Liker du å gjera reint og vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!
Voss herad Reinhaldsavdelinga
Uttrågata 9, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar- faste stillingar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Bygg og eigedom har ansvar for å byggja, drifta og vedlikehalda bygg og eigedomar i Voss herad. Reinhald er ein viktig del av vedlikehaldet og reinhaldsavdelinga er ein avdeling med 50 tilsette som er organisert under Bygg og eigedom, teknisk avdeling. Reinhaldsavdelinga står for reinhald på rundt 50 ulike bygg i Voss herad. Teamet har ansvaret for dei mindre bygga, dekker inn sjukefråvær og har dei større periodiske oppgåver innan reinhald.
Me tilbyr- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar
- du må meistra norsk skriftleg og munnleg tilsvarande nivå A2, i det felles europeiske rammeverket for språk.
- grunnleggjande datakunnskapar, og kunne bruke desse i dagleg kontakt med avdelinga.
Me ynskjer deg som
- fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav
- har erfaring frå reinhaldsyrket
- er god på samarbeid
- er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
- førarkort for bil, klasse B
- har gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
- er kreativ og løysingsorientert
- jobbar systematisk, strukturert og effektivt
- for alle stillingane gjeld dagleg reinhald, periodisk- og hovudreinhald etter plan.
- arbeidet utførast innanfor normalarbeidstid, dvs. mellom kl. 07:00 (06:00) - 17:00.
- for å ivareta helse, inneklima og bygg, bruker me mest mogeleg maskiner i arbeidet.
- du må kunne samarbeida med brukarane på bygga for å få utført dette arbeidet på beste måte for alle.
- du må kunne samarbeida med kollegaer ved andre bygg, hjelpa til ved sjukefråvær og andre oppdrag som arbeidsleiar planlegg.
- på sikt vil dei som jobbar i team også få opplæring i spesialreinhald.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df374c6d-4a0b-4dc6-96af-8c678b172755
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574249_212359_nn
Lignende annonser
80% vikariat i Skulestadtunet
Arbeidsgiver
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Sted
Voss
Fagarbeidar
Arbeidsgiver
Voss herad Vossestrand barne- og ungdomsskule
Sted
Granvin
Rengjøringsassistent
Arbeidsgiver
Brakanes Hotel
Sted
Ulvik