Er du sjuke-/vernepleiar og har ønske om å jobbe som nattevakt?
TSB rehabiliteringspost
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Om jobben
- Stillingstittel
- Nattevakt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 25%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
Avdeling for Rus og Avhengighet (ARA) er ei nyoppretta avdeling med lokasjonar både i Haugesund og i Kopervik. Me er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna.
TSB rehabiliteringspost ved ARA i Kopervik gir døgnbasert rusbehandling og ettervern til pasientar mellom 18 og 26 år. Her blir du ein del av eit tverrfagleg team med blant anna spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, miljøterapeutar, lege og psykologspesialist – som saman arbeider for å gi pasientane eit nytt grunnlag for vidare meistring i livet.
Vi søkjer nå nattevakt til helgestilling kvar 3. helg
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
Kva går jobben ut på?
- Miljøterapi
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Ansvarsvakt
- Medisinhandtering
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er oppriktig engasjert i pasientgruppa.
- samarbeider godt og bygg tillit i teamet..
- er trygg i møte med andre og god til å skape relasjonar.
- formidlar bodskap på ein klar og tydeleg måte.
- møter både kollegaer og pasientar med rausheit og godt humør.
- tek ansvar og jobbar sjølvstendig.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman.
- Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
- Ein arbeidsplass med fokus på inkludering og mangfald.
Kontaktinformasjon
Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleiar, 47881041, trude.rodseth.lygre@helse-fonna.noArbeidsstad
Asaldalvegen 14250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5050317684
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 01.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df1e8895-90d6-41ba-b2f4-62721f1edf6f
- Sist endret
5. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f4b0109474ee43b98c81bf0115528cb9
Lignende annonser
Arbeidsgiver
TSB rehabiliteringspost, Helse Fonna HF
Sted
Kopervik
Rekrutteringsstilling/hvilende natt
Arbeidsgiver
Øivind Skaldaspillersveg, Haugesund kommune
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Tomasvegen 17, Karmøy kommune
Sted
Karmsund