Underdirektør
Energidepartementet
Akersgata 59, Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Underdirektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. januar
Om stillinga
Energidepartementet (ED) har eit viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å bidra med å utvikle politikken og forvaltninga av fornybar energi og naturfare. Vi søkjer ein underdirektør i Energi- og vassressursavdelinga, Seksjon for vassressursar og naturfare. Seksjonen arbeider med konsesjonsbehandling og spørsmål knytt til vasskraftverk og andre vassdragstiltak, vassdragsmiljø og vern av vassdrag. Seksjonen har i tillegg ansvaret for departementets arbeid med flaum og skred, klimatilpassing og etatsstyringa av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Som underdirektør vil du vere nestleiar og ha eit tverrgåande ansvar i seksjonen. Du vil samtidig bistå seksjonsleiar ved å ta eit sjølvstendig ansvar for nærare definerte arbeidsområde. Vi ser etter ein underdirektør som har gode eigenskapar som leiar og som vil vere ein sentral pådrivar i utviklinga av både seksjonen og forvaltningsområda. Som nestleiar vil du bidra med fagleg kvalitetssikring, strategisk planlegging og koordinere større prosessar. Seksjonen har omfattande kontakt med andre departement, NVE og anna statleg og kommunal forvaltning, energibransjen og ulike organisasjonar.
Arbeidsoppgåver
Vi ser etter deg som har relevant erfaring og interesse for arbeid med fornybar energi, etatsstyring og naturfare. Arbeidsoppgåvene skal løysast i skjeringsfeltet mellom fag og politikk og innanfor politiske, juridiske og økonomiske rammer. Arbeidet inneber òg å utarbeide svar på høyringssaker, spørsmål frå Stortinget, utgreiingsarbeid, kommunikasjonsarbeid og tilsvarande. Du vil i tillegg kunne delta i arbeid med EU-regelverk og andre rammevilkår knytt til vasskraft.
Kvalifikasjonskrav
Det er krav om relevant høgare utdanning på masternivå med gode resultat. God forståing for politiske prosessar og erfaring frå offentleg forvaltning vil bli vektlagt. Det er ein fordel med kjennskap til departementsarbeid.
Stillinga krev evne til å arbeide strukturert og analytisk, god vurderingsevne og svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Stor arbeidskapasitet, evne til å drive fram prosessar og gode evne til å finne løysingar i samarbeid med andre vil vere viktig. Mange av oppgåvene våre har kort tidsfrist, noko som krev fleksibilitet og evne til å prioritere. Vi er opptekne av å ta vare på det gode arbeidsmiljøet vårt, og ser etter deg som bidrar positivt til miljøet rundt deg.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Kvardagen i departementet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi tilbyr:
- Ei meiningsfull leiarstilling i kjernen av energi- og vassdragsforvaltninga
- Interessante og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke viktige samfunnsområde
- Gode mogelegheiter for utvikling og ansvar
- Fleksibel arbeidstid, lønna overtid og god pensjon
- Årslønn i spennet kr. 750 000 - 1 000 000
Generell informasjon
Søknad: Vitnemål, karakterutskrifter og relevante attester må bli lagt til søknaden.
Søkarliste: I medhald av offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort på førespurnad, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista.
Bakgrunnssjekk: Vi gjennomfører bakgrunnssjekk på alle kandidatar som blir tilsette i departementet. Tilsetting føreset at denne blir godkjent.
Autorisering: Den som blir tilsett må kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert BEGRENSET eller høgare etter tryggingslova.
Mangfald og inkludering: Energidepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Du kan lese meir om rekrutteringsprosessen vår og korleis det er å arbeide i Energidepartementet på www.jobbienergidepartementet.no
Kontaktperson for stillingen
Anja Skiple Ibrekk
avdelingsdirektør
+4799361870
Om bedriften
Energidepartementet si hovudoppgåve er å legge til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk.
Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dee221a2-7256-4052-afb2-4ccb47551479
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273714
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Sted
Oslo
Avdelingsdirektør FPO GRA
Arbeidsgiver
Forsvarsdepartementet
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Klima- og miljødepartementet
Sted
Oslo