Avdelingsdirektør
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5), Oslo, 0030 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsdirektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Om Trafikksikkerhetsseksjonen
Trafikksikkerhetsseksjonen har ansvaret for departementet sitt arbeid med trafikktryggleik på veg, og forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport. Dette er eit breitt og mangearta område, med stor merksemd politisk og frå nærings- og interesseorganisasjonar, media og publikum.
Forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport inneber ansvar for eit mangfald av dagsaktuelle område som til dømes trafikkreglar, fartsgrenser, førarkort, el-sparkesyklar og sjølvkøyrande køyretøy, drosje, transportberedskap og gods- og persontransport. Seksjonen har utstrekt samarbeid med andre departement og etatar, og stort omfang av EØS-arbeid.
Vi søkjer ein trygg og engasjert leiar for Trafikksikkerhetsseksjonen sine 14 medarbeidarar. Du får vere med å vidareutvikle fagområder med viktige samfunnsoppdrag, som har stor verknad for kvardagen til folk. Avdelingsdirektøren inngår i ekspedisjonssjefen si leiargruppe og det er forventa at leiarane i avdelinga tar eit tydeleg medansvar for heilskapleg utvikling, styring og drift av avdelinga.
Kvalifikasjonar
For å være aktuell for stillinga, må du ha følgjande kvalifikasjonar:- høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
- erfaring frå departement og kunnskap om samspillet mellom fag og politikk
- erfaring med utviklingsarbeid og fagleg veledning
- evne til strategisk planlegging og utvikling
- svært gode skriftlege og munnlege språk- og kommunikasjonsevner, både på norsk og engelsk
- gode leiareigenskapar, med evne til å bygge tillit, leie og motivere andre
- god rolleforståing
- gode samarbeidseigenskapar, med evne til å drive samhandlingsprosessar med interne og eksterne aktørar
- evne til raskt å setje seg inn i nye problemsstillingarog bidra til løysingar
- høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne, og at du trivst med ein hektisk kvardag
Du må kunne verte tryggleigsklarert for nivå Hemmeleg.
Vi tilbyr
- Arbeid med utfordrande, interessante og dagsaktuelle saker i ein sektor som er viktig for folk i heile landet.
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kolleger.
- Gode utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg.
- Program for nytilsette med kurs og aktivitetar i løpet av det første året som tilsett.
- Varierte faglege og sosiale tilbod.
- Trivelige lokale i sentrum av Oslo med subsidiert kantine.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
For å lese meir om Samferdselsdepartementet og korleis det er å jobbe hos oss, sjå her: Slik er det hos oss! - regjeringen.no
Stillinga blir lønna som avdelingsdirektør i lønnspennet frå kr. 1 000 000 – 1 250 000. Det er betalt overtid.
Les dette før du søkjer
- Vi ber om at du legg ved vitnemål og relevante attestar. Vitnemål frå norske utdanningsstader lastast opp frå Vitnemålsportalen. Utenlandske vitnemål må verte godkjend av direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK dir)
- Det blir gjennomført bakgrunnssjekk på kandidaten som blir tilsett i stillinga. Godkjent bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
- Den som blir tilsett må kunne bli autorisert for tilgang til informasjon gradert HEMMELEG etter sikkerhetslova.
- Offentleg søkjarliste vil liggje føre etter søknadsfristen er ute. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å stå på offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt. Søkjarar vil i tilfelle bli informerte før offentleggjeringa og vil ha moglegheit til å trekkje søknaden.
- Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
- Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Avkryssingane dannar også grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.
Generell informasjon
Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte Jonas Leirset, ekspedisjonssjef fom. 01.02.2026, på tlf: 95 15 03 22 eller epost: jonas.leirset@sd.dep.no
Du kan få nærare informasjon om rekrutteringskprosessen ved å kontakte Wenke Eriksen, rekrutteringsrådgiver DSS, på tlf: 93 61 41 56 / eposst: wenke.eriksen@dss.dep.no
Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil tilretteleggje for medarbeidare som har behov for det.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Samferdselsdepartementet er regjeringa sitt utøvande organ for politikkutforming, forvalting, etatsstyring og eigarstyring innanfor transportsektoren.
Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
40121c98-2d13-445e-82e8-caca87fb7698
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275143
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Drammen, Lillehammer, Oslo
Arbeidsgiver
Energidepartementet
Sted
Oslo
Prosessleder
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Drammen, Bergen