Ynskjer du å arbeida som fagarbeidar?
Voss herad Vossestrand barne- og ungdomsskule
Voss tinghus, 5736 Granvin
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Vossestrand barne- og ungdomsskule har ledig 100 % fast stilling som fagarbeider med tilsetjing snarast. Stillinga føl skuleåret, det vil seia at du har "fri som skulen". Stillingsstorleik 100 % % med reduksjon for stilling som fylgjer skuleåret til 89% i løn etter SFS 2201 pkt. 3.5.
Om arbeidsstadenVossestrand barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, som ligg på Sundve, omlag 20 kilometer nordaust for Voss sentrum. Skulen har eit flott uteområde som er tilrettelagt for leik og aktivitet.
Skulen arbeider heile tida med kvalitetsutvikling for å kunne gje elevane våre eit godt læringsmiljø både fagleg og sosialt.
Vossestrand skule tilbyr leksetid til elevar i 5.-10. trinn
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant kompetanse eller erfaring kan kompensere for dette.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- At du tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag. Er engasjert og positiv.
- At du er tydleg overfor elevane, samt ein god rollemodell som bygger gode relasjonar, lyttar og ser deira behov.
- At du du bidreg til godt arbeidsmiljø.
- At du er god på relasjonskompetanse. Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse på tilrettelegging for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil i størst grad vera knytt opp til skule og SFO, med oppfylging av borna i undervisning, aktivitet og leik.
- Vere med på å oppretthalde og utvikle eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
- Samarbeide med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
- Hjelpe til med daglege gjeremål, oppmuntre, snakke med, rettleie, støtte og motivere elevane
- Vere ein omsorgsfull rollemodell
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ded62c5a-0745-4cea-9d5a-a2509e70c020
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3573803_212969_nn
Lignende annonser
80% vikariat i Skulestadtunet
Arbeidsgiver
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Sted
Voss
Fagarbeidar
Arbeidsgiver
Voss herad Granvin barne- og ungdomsskule
Sted
Granvin
Pedagog i Vossabarnehagane
Arbeidsgiver
Voss herad Felleslysing barnehage
Sted
Voss