Hopp til innhold

Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad

Sted

Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
80% vikariat i Skulestadtunet
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her! Skulestadtunet- og Skulestadvegen omsorgsbustad har ledig 80% vikariat som fagarbeidar frå 01.02.2026 og ut året.

Om arbeidsstaden

Stillingane er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet- og Skulestadvegen. Her er det til saman 14 omsorgsbustadar. Bebuarane er ein aktiv gjeng og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne leilegheiter i nærområdet.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4.helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt. 
Me har eit fokus på kvardagsmeistring og jobbar for å ivareta bebuarane på best mogleg måte ved å gje tenester med fokus på sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.
Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Arbeidsoppgåver
  • Legge til rette for å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar
  • Målretta miljøarbeid
  • Medikamenthandtering
  • Primærkontaktansvar  
  • Skapa tryggleik og struktur 
  • Delta saman med bebuarane på turar og fritidsaktivitetar
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • Vere løysingsorientert og fleksibel om uventa situasjonar eller endringar oppstår
  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
  • Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål til trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande
  • Alle bebuarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal utførast i fagprogrammet Gerica
  • Du må ha god datadugleik
  • Alle må bidra i primærgrupper rundt bebuarane og ta ansvar for å gjennomføre tiltak, oppdatere tiltaksplanar, halde seg orientert om endringar, og rapportere i Gerica
Me søkjer
  • Fagarbeidar med relevant utdanning (helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, aktivitør). Assistent med relevant erfaring kan bli vurdert til fagutdanningstillinga 
  • Kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevne
  • Fordel om du har kjennskap til MinGat og Gerica
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til omstilling og fleksibilitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Førarkort klasse B
Me tilbyr
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Fadder under opplæringstida
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

593cc35e-f099-430d-8ed7-4bbe4560e20b

Sist endret

5. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3569491_213071_nn

Lignende annonser