Fagkonsulent
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Fagkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Vi har ledig 2 x 100 % faste stillingar frå og med 01.04.2023 for fagkonsulent ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund. Stillinga er for tida knytta til eit av våre almennteam.
Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk, og tilbyr utgreiing- og behandlingstilbod innanfor individual- og gruppeterapi. Den tilbyr òg oppfølging til pårørande. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Det er eit godt samarbeid med dei kommunale tenestene i området. Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Det blir arrangert ein internasjonal fotofestival kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Kvalifikasjonar
- 3- årig helse- og/ eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå med relevant vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rusbehandling
- Anna relevant utdanning og erfaring kan òg vurderast
- Utdanning i terapiretning og med erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er nytenkande og endringsorientert
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Internundervising og moglegheit for vidare- og etterutdanning
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein inkluderande arbeidsplass
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Konst. seksjonsleiar, 92 84 90 56 , Jorgen.Legreid@helse-mr.no
Arbeidssted
Hagan 9
6516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4638371417
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2291630
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6aa6efaa2904428caa8caf95563d2f8f