Bioingeniør - oppstart sommer/høst 2025
Medisinsk biokjemi, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Vi har to faste stillingar ledige, og ser etter deg som ønsker ein spennande og variert arbeidskvardag. Hos oss får du arbeide med fagområde som:
- Klinisk kjemi
- Hematologi og koagulasjon
- Allergi og elektroforese
- Prøvehandsaming, pasientnære analysar og prøvetaking
Her får du jobbe med moderne teknologi, og ny automatikk, gjennom vårt heilautomatiserte bandsystem. Du får arbeide i flotte, lyse lokale i eit nytt sjukehusbygg med fantastisk utsikt.
Kva kan du forvente?- Turnusarbeid på 35,5 timar i veka
- Arbeid omtrent kvar fjerde helg etter fullført opplæring
- Nært samarbeid i eit tverrfagleg miljø, som skapar ein engasjerande arbeidskvardag
- Ein avdeling som er akkreditert etter ISO 15189 – din garanti for kvalitet og kompetanse
Søk no!
Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato. Ta kontakt om du har spørsmål!
Det er òg ledige vikariat som varer over lengre periodar. Ver venleg og nemn i søknaden din om dette er av interesse.
Nyutdanna vert oppfordra til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Rutinedrift på ulike fagområder som:
- Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
- Hematologi og koagulasjon
- Klinisk kjemi/immunokjemi
- Pasientnær analysering ved bl.a blodgassmaskinar og urinanalysar
- Prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasientar
På vakt vil ein samarbeide med ein annan bioingeniør og ein helsesekretær. Då vil oppgåvene ovanfor variere
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor medisinsk biokjemi eller annan relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
- trivst i eit aktivt miljø
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er serviceinnstilit
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø og godt kollegialt klima
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930, benedikthe.celine.hartvigsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4886826620
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793578
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fc0a30d55d1147b0a803fef16d71c3b8