Sjukepleiar
Elektiv sengepost og dagkirurgi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
14. august 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget?
Vi har ledig vikariat for sjukepleiar/ spesialsjukepleiar ved vår nyoppretta seksjon Elektiv sengepost og dagkirurgi, Kristiansund sykehus. Vi søkjer deg som er positiv og engasjert, og som med din veremåte kan bidra til å bevare og berike eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du vil få gleda av å jobbe saman med engasjerte, fagleg oppdaterte og kompetente kolleger. Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg ved kirurgisk/ ortopedisk sengepost.
Vi er spesialisert innanfor områda ortopedi, urologi, gynekologi, ØNH og medisin, og er ein del av eit tverrfagleg team med godt samarbeid mellom både spesialister, legar og sjukepleiarar. Vi arbeider for kontinuerleg høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø. Du vil bli ein del av eit lag som skal lykkast med å imøtekome fremtidas krav til dagkirurgi og elektiv drift.
Seksjonen er ein del av det framtidige SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal). Det vil fortsatt vere høg aktivitet ved dagkirurgi/ elektiv verksemd i Kristiansund når nytt akuttsjukehus står ferdig i 2025.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av vaksne dag- og elektive pasientar til operasjon eller undersøking
- Pre- og postoperative rutinar
- Overvaking av pasientar etter narkose og andre anestesimetodar
- Mobilisering og klargjering for heimreise
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/ spesialsjukepleiar
- Ønskjeleg med erfaring frå overvaking av pasientar etter narkose eller andre anestesimetoder, men ingen krav om dette. Opplæring vil bli gitt.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har vilje til å ta initiativ og ansvar
- Du er fleksibel og viser vilje til endring
- Du er ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du samarbeider godt med kollegaene dine og har gode kommunikasjonsevner
- Du har evne å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i team
- Du har interesse for kirurgisk/ ortopedisk sjukepleie, e-helse og digitalisering
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen er også omkranset av flotte fjell og utallige turmuligheter. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Kirstin Hovde, Seksjonsleiar, Kirstin.Hovde@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4656657342
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.08.2023
Sluttdato: 14.08.2024
Søknadsfrist: 31.05.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2341307
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ce314b16dc19457bbf9fc264beaeda2f