Hopp til innhold

Deltidsstilling som stasjonsmedarbeidar

Arbeidsgiver

Hermansverk Servicesenter As

Sted

Sognefjordvegen 30, 6863 Leikanger

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Stasjonsmedarbeider (bensinstasjon)
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

post@esso-hermansverk.com

Leiter du etter ein jobb med variert arbeidskvardag, som passar perfekt ved sidan av studier eller liknande? Eller kanskje ser du etter ein jobb som er sosial og med ein variert arbeidskvardag? Eller kanskje du berre vil ha ein jobb der du kan jobbe litt sjølvstyrt? Hjå oss har det no åpna seg to deltidsstillingar på ca 20-30%, og me leiter etter nokon som deg :)

Ein arbeidsdag hjå oss er som regel variert, men ein typisk dag innebærer ofte litt av følgande:

  • Bistå og gi god service til våre kundar

  • Tilberede mat av ulike variantar, me serverer alt fra bollar til burgar

  • Sørge for god mathygiene

  • Halde stasjonen rein, ryddig og fin for våre besøkande

  • Ein god prat med ein kollega eller tre, samt ein dårleg vits fra dagleg leiar Bjarne

  • Mange koppar kaffe (eller te og kakao om du heller foretrekker det)

Utover dette er det sjølvsagt fleire andre oppgaver som ein dag på bensinstasjon kan by på.

Me kan tilby gode lønnsvilkår, eit godt arbeidsmiljø, ein variert arbeidskvardag og fast turnus.

Me søker etter deg som:

  • Er ansvarleg og sjølvdriven

  • Er ryddig

  • Er over 18 år

  • Både skriv og snakkar godt norsk

  • Likar dårlege vitsar

  • Har lyst til å jobbe med kundar

Arbeidstid: Arbeidstid er fastsett i 6 vekers turnus, der du vil jobbe kvar 3. helg fredag-søndag + mandag før arbeidshelg fast. Mandag og fredag er fast seinvakt. Det er også moglegheit for meir ved ferieavvikling, sjukdom etc.

Oppstart: helst så fort som mogleg, men dette kan avtalast.

Har du spørsmål til stillinga? Kontakt dagleg leiar Bjarne Haugen på tlf 911 96 483 eller e-post post@esso-hermansverk.com

Send søknad og CV til post@esso-hermansverk.com. Skriv gjerne litt om deg sjølv og kva som gjer at akkurat du passar til jobben. Me ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktperson for stillingen

Bjarne Haugen

Dagleg leiar

91196483

post@esso-hermansverk.com

Om bedriften

Hjå oss på Hermansverk Servicesenter AS finn du ein Esso-bensinstasjon og ein bilverkstad. Me er Leikangers einaste bensinstasjon og blir godt nytta av bygdas lokale. I tillegg ligg me flott til langs Rv.55 så mange forbireisande tek også turen innom oss, både for ein liten oppfrisking på turen, men også for å nyte utsikten fra vårt flotte uteområde.

Bedrifta har i mange år vore ein lokal aktør innan fleire områder, og tilbyr bygda alt frå drivstoff, hageutstyr og plenklypparar, kiosk, pizza, bilvask, bilreparasjon og ikkje minst våre svært populære (og utruleg gode) hamburgarar.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

de9089f4-bd4d-476f-9e14-391e38c8327a

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

de9089f4-bd4d-476f-9e14-391e38c8327a

Lignende annonser

Laster lignende annonser