Kjøkkenassistent
Osterøy kommune
Osterøytunet 3 , 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. juni
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar. I tillegg til Osterøytunet sine bebuarar, server kjøkkenet også bufellesskap, heimebuande eldre og nokre dagsenter. Kjøkkenet har også sal av mat til lag, organisasjonar og andre kundar på Osterøy. Avdelinga har totalt 3,2 årsverk fordelt på leiar og tre andre tilsette. Kjøkkenet produserar etter kok/kjøl og sous vide- metodar.
Vi pakkar porsjonsmiddagar til heimebuande og leverar tørrmat til avdelingar på Osterøytunet + Hauge bufellesskap.
Er du interessert i å bidra på kjøkkenet og vere ein del av eit energisk team? Vi søkjer ein engasjert og ansvarsfull kjøkkenassistent i ei 20 % stilling, med oppstart 4. august.
Som kjøkkenassistent vil du støtte kjøkkenet i dei daglege oppgåvene. Du vil hjelpe til med generelt kjøkkenarbeid som inkluderer rydding, oppvask, førebuing av matvarer, samt vedlikehald av kjøkkenutstyr og -område. Stillinga passar for deg som er strukturert, har auge for detaljer og trivst med praktisk arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe til med førebuing og organisering av matvarer
- Sørgje for at kjøkkenutstyr og arbeidsområde er rene og ryddige
- Bidra til lagerstyring og organisering på kjøkkenet
- Utføre andre kjøkkenrelaterte oppgåver etter behov
Kvalifikasjonskrav
- Erfaring frå kjøkkenarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team
- Ansvarsfull og punktleg
- Evne til å jobbe effektivt
- Positiv innstilling og lyst til å lære
Vi tilbyr
- Ei arbeidskvardag som gir god erfaring og variert arbeid på kjøkkenet
- Mogelegheit for personleg og fagleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted