Hopp til innhold

Ny utlysing av medarbeidar barnehage

Arbeidsgiver

Aukra kommune Barnebo barnehage

Sted

Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Pedagog/ fagarbeidar/ assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Har du fagleg bakgrunn frå helse- eller oppvekstsektoren, og ønsker å vere den trygge vaksne for eit barn med nedsett funksjonsevne?

Vi treng ein stabil vaksenperson som kan jobbe med barn med særskilte behov i barnehagekvardagen. Stillinga er ein 100% stilling, der 70% er knytta til Barnebo barnehage og resterande til anna avdeling i kommunen. Dette kan vere enten i oppvekstsektoren eller i pleie -og omsorgssektoren. Vi blir einig med deg om kva som er best eigna.

Kven er vi?

Barnebo barnehage ligg på øya Gossen. Det tek om lag 30 minutt frå Molde sentrum til barnehagen, inkludert gratis ferje. Barnehagen har 7 avdelingar, lokalisert i to hus tett-i-tett.

Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.

Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.

I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.

Kven er du?

Du kan enten vere utdanna innan helsefag eller oppvekst, eller du har inga fullført utdanning, men kan vise til konkrete erfaringar med at du eignar deg særleg godt til å ivareta eit barns behov for struktur og emosjonell støtte.

Det er viktig at du kan samarbeide godt med kollegaer, føresette og hjelpeapparatet rundt barnet.

Du må kunne bidra med struktur og tryggleik for barnet i barnehagekvardagen, derfor er det viktig at du er stabil og har helse til å stå i stillinga. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene i denne stillinga er fagleg spennande, og gir deg store moglegheiter til autonomi i arbeidet. Du jobbar i stor grad sjølvstendig, og får brukt dine kreative evner i lag med barnet, både inne og ute. 

Arbeidsoppgåvene krev at du har relasjonelle ferdigheiter og kan vere fysisk og emosjonelt til stades for barn i krevjande situasjonar.

Den som får stillinga vil etterkvart følgje aktuelt barn over i skole.

Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men det må påreknast arbeid ein ettermiddag i veka.

Vi tilbyr
  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø der du får rettleiing og støtte frå leiar og kollegaer
  • Moglegheit til å gjere ein forskjell for barn som treng det mest
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff og ut frå faglege kvalifikasjonar
  • Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Kvalifikasjonskrav 

Utanlandske søkarar må ha bestått Bergenstest/B2

Det er fint om du har utdanning innan helse eller oppvekst, men det viktigaste kravet er at du er personleg eigna til stillinga.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding (jf Barnehageloven §30).

Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Kontaktperson
Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459.
Sissel.garseth@aukra.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Barnebo barnehage ligg på øya Gossen i Aukra kommune, 30 minutt med bil og ferje frå Molde. Barnehagen er ein tradisjonell avdelingsbarnehage med to hus som ligg «tett-i-tett». Furutun har 4 avdelingar for barn under tre år og Aukratun har 5 avdelingar for barn over tre år. Aukratun er nybygget vi flytta inn i hausten 2021. Det er bygd i massivtre, med oppvarming frå jordvarme og solceller, og gode fasilitetar for både barn og tilsette. Utearealet gir barna høve til variert leik og aktivitet. Vi har to grillhytter på leikeplassen der vi kan trekke inn, samlast, varme oss og lage mat. Vi har storkjøkken med eigen kokk som lagar frukost kvar dag til alle og varm lunsj 2-3 gonger i veka til kvar avdeling. Vi har bær- og frukttre, plantekasser og drivhus og ønskjer å utvikle mat- og måltidsaktivitetar saman med kokken, slik at barna kan vere med å dyrke noko av maten vi et. Nærområdet til barnehagen byr på varierte turmål; «Hekseberget» ved vasstårnet, «Museskogen» som ligg rett ved Furutun, turstiar og gapahuk i Aukraskogen, Hallingshaughola, småbåthavna i Ragnalund, Gartnerfjøra og leikeplassane i Berglia og ved Aukrahallen. Sentrum er i gangavstand. Her besøkjer vi m.a. biblioteket, omsorgssenteret, skulen, og ikkje minst etter kvart det nye kulturhuset.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

de32517a-1800-4a19-bfa9-7233f518f20e

Sist endret

27. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3577769_193053_nn

Lignende annonser