Hopp til innhold

Avdelingsleiar - 100 % fast

Arbeidsgiver

Tenester til personar med særlege behov, Vinje kommune

Sted

Åmotvegen 2, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 20. oktober

Brenn du for menneske, fag og utvikling?

Ved avdeling for personar med funksjonsnedsetting arbeider me kvar dag for at menneske med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv. Avdelinga omfattar Svingen bufellesskap og avlastingstilbod for barn og unge på Reini, og tilbyr heildøgnstenester med fokus på meistring, deltaking, inkludering og sjølvråderett.

No søkjer me ein engasjert og relasjonell leiar som vil vere med og vidareutvikle tenestane våre. Me  ser etter deg som kombinerer varme med tydeleg leiarskap, og som motiverast av å utvikle både menneske, fag og organisasjon. Du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for læring, samarbeid og utvikling i kvardagen.

Som avdelingsleiar får du ansvar for eit tverrfagleg fagmiljø, med om lag 40 medarbeidarar. Vernepleiarar, sjukepleiarar, pedagogar, helsefagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å gi gode og heilskaplege tenester til brukarane våre. Me trur dei beste løysingane blir skapt gjennom samarbeid, ulike perspektiv og eit arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og felles ansvar. 

Hos oss er mentor for nytilsett helsepersonell innført som ei fast ordning. Gjennom programmet legg me til rette for ein trygg start, og fagleg utvikling og meistring i arbeidskvardagen. Som avdelingsleiar vil du vere med på å støtte opp om og vidareutvikle denne satsinga.

Avdelinga vår er ein del av verksemda Miljøterapi og helsetenester, og du vil inngå i verksemda sitt leiarteam. Du får god støtte frå verksemdsleiar, fagressursar og administrative støttefunksjonar, noko som gir rom til å prioritere leiing, medarbeidarutvikling og vidareutvikling av tenestene.

Kvifor velje denne stillinga?
Fordi du får høve til å vere tett på menneska, utvikle eit fagmiljø og påverke korleis tenestene skal sjå ut i framtida. Dette er ei rolle for deg som ynskjer meir enn å drifte. Du vil vere med å skape utvikling, byggje kultur og gjere ein forskjell for både bebuarar og medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver

  • Leie, motivere og følgje opp medarbeidarar i det daglege
  • Sikre god bemanning, drift og ressursbruk innan vedtekne rammer 
  • Ha ansvar for Helse, Miljø og Sikkerheit som m.a arbeidsmiljø og oppfølging av sjukefråvær
  • Samarbeide med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar for å utvikle gode tenester
  • Fylgje opp budsjett og økonomiske resultat
  • Byggje ein kultur prega av tillit, samarbeid, læring og ansvar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag
  • Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå tenester til personar med funksjonsnedsettingar
  • Leiarerfaring med personal,- fag og økonomiansvar 
  • God forståing for turnus, bemanning og ressursstyring
  • God økonomiforståing
  • God munnleg og skriftelg framstillingsevne på norsk
  • Sertifikat klasse B
Det er ein fordel om du har
  • Leiarutdanning
  • Erfaring med endrings- og utviklingsarbeid
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Me trur du vil lukkast hos oss dersom:

  • du er ein trygg og relasjonell leiar som får folk til å spele kvarandre gode
  • du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for samarbeid, læring og utvikling
  • du trivst med å vere tett på medarbeidarane og motiverer andre til å ta ansvar og bruke kompetansen sin
  • du er tydeleg når avgjerder må takast, og du evnar å kombinere dagleg drift med blikk for utvikling og nye moglegheiter
  • du ser løysingar, arbeider strukturert og ynskjer å skape tenester som blir endå betre i morgon enn dei er i dag

Me tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull leiarrolle der du får moglegheit til å gjere ein forskjell for brukarar, pårørande og medarbeidarar.
  • Høve til å påverke utviklinga av tenesta og vere med på å forme framtidas løysingar
  • Eit inkluderande leiarfellesskap med engasjertekollegaer og gode støttefunksjonar.
  • Tilpassa opplæring og mentorordning som gir deg ein trygg start.
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Konkurransedyktige lønsvilkår . Årsløn på kr 886.000 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Carsten Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5176113294
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Carsten Hald

Verksemdsleiar

90937093

carsten.hald@vinje.kommune.no

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ddc70cbe-80b3-459f-82ea-1f3c6600ed9b

Sist endret

29. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

306964964ec649b2bcffd824c9593296

Lignende annonser

Laster lignende annonser