Kontrollingeniør elektro
Møre og Romsdal fylkeskommune
6001 Ålesund, 6401 Molde, 6509 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontrollingeniør elektro
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 14. mai
Kontrollingeniør elektro
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Om stillingaDu får jobbe med drift og vedlikehald av fylkesvegar. Fylkesvegnettet består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, samt diverse trafikksignalanlegg, klima stasjoner, trafikktellepunkt, variable skilt, bruer med elektriske anlegg og veglysanlegg.
Stillinga er plassert i fylkesvegavdelinga, for tida med arbeidsstad i Molde, Kristiansund eller Ålesund og du kan sjølv velje kontorstad. Du må rekne med ein del reising.
Som kontrollingeniør elektro vil du gå inn i ein seksjon med om lag 37 medarbeidarar. Vegdrift seksjonen er delt i 3 team, eit for drift Nordmøre og Romsdal, eit for drift Sunnmøre og eit for elektro/tunnel/geofag med fleire byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. I tillegg er det fagressursar innan HMS, økonomi, tunnelsikkerheit og beredskap
Arbeidsoppgåver
Som kontrollingeniør hos oss vil du:
• Vere del av eit team som styrer drift- og vedlikehaldskontraktar, samt vere delaktig på gjennomføring av andre mindre tiltak på det fylkeskommunale vegnettet
• Planlegge og følje opp drift og vedlikehaldsoppgåver på fylkesvegar i tett samarbeid med entreprenør og byggeleiar på kontrakt
• Rapportere til byggeleiar på driftskontrakt samt vere ei støtte i kontraktsgjennomføringa
• Utarbeide kontrollplanar, samt dokumentere og rapportere resultat
• Vere store deler av arbeidsveka ute i felt, men det må også påreknast nokre kontordagar
• Samarbeide med andre fagpersonar både i teamet og i avdelinga.
• Utføre el. kontroller og termografering på Møre og Romsdal fylkeskommune sine elektriske anlegg.
Kvalifikasjonar
- Har bachelor innan elektrofag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Det er ein forutsetting at du har fagbrev innan elektrikerfaget (Gruppe L).
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- God kjennskap til arbeid med elektriske anlegg
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
- Erfaring med el. kontroller etter NEK 405-2, 405-3 og NEK 405-3-2
- Erfaring med termografering etter NEK 405-1.
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med interne og eksterne partar
- Evne til å bruke din fagkunnskap praktisk og teoretisk
- Vere positiv og samarbeidsorientert
- Kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
- Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
- Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd7d9948-5765-4757-8239-377a6db6c0e8
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4563827