Lærar i teknologi- og industrifag
OPK-AO - Avd. Teknikk- og industrifag, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i teknologi- og industrifag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. august
Askøy vidaregåande skule legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Vi er ein MOT-skule, og ser dette i samanheng med korleis vi løyser oppgåvene våre som kompetente, opne og modige tilsette i ein organisasjon i utvikling.
Skulen starta skuleåret 2023-2024 i nytt bygg, med nye verkstader, og eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa.
Vi har ledig ei fast stilling som lærar på avdeling for teknologi- og industrifag. Stillinga vil vere ledig frå skulestart august 2025.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer søkjarar med undervisningskompetanse innafor programfaga på teknologi- og industrifag, med minimum fagbrev med 4 års praksis og teknisk fagskole eller ingeniørutdanning innfor fagfeltet.
Erfaring frå undervisning/opplæring vil vere eit fortrinn.
Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant faglig og pedagogisk kompetanse. Søkjarar som manglar pedagogisk utdanning og/eller deler av den yrkesteoretiske utdanninga, er velkomne til å søkje på stillinga, på vilkår at at ein starter på slik utdanning innan to år.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha relevant fagleg kompetanse og erfaring.
Søkjar på stillinga må ha gode samarbeidsevner, og fokus på relasjonsbygging.
Den vi tilset må ha eit godt lag med ungdom, samstundes som ein må vere ein tydeleg, vennleg og strukturert vaksen.
Vi ønskjer oss ein kollega som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og som deltar aktivt for å utvikle eit godt fagmiljø saman med andre på skolen.
Den som blir tilsett må ha gode kunnskaper og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
Personlege eigenskaper og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på i tilsetjinga.
Personlege eigenskapar
- Du har ei inkluderande haldning i møte med elevane, og er oppteken av verdien av mangfald.
- Du har god pedagogisk forståing.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, lærarar, miljøarbeidarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Vi tilbyr
Eit spennande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus.
Moglegheiten til å vere med å utvikle fagtilbudet ved skulen.
Gode forsikrings- og pensjonsordninger.
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk. Det vil bli vurdert eigne vilkår for å rekruttere særskilt kritisk kompetanse.
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via lenke på www.vlfk.no sine nettsider under ledige stillingar.
Last også opp vitnemål og attestar før eit eventuelt intervju. Vi gjer merksam på at overtallige ved andre skuler kan ha rett til utlyst stiling.
Alle som skal tilsettjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Heidi Karin Willesvik, Avd leiar, 95784259, heidi.karin.willesvik@vlfk.noBerit Karin Øydvin Nilssen, konst. rektor , 41315749, berit.karin.oydvin.nilssen@vlfk.no
Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4996305517
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd69fb22-35db-43df-9e4a-8d0ab111588d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e0e0ee7fe82442b6a239e8fbb5fb3c72