Vil du bli vår nye medarbeidar innan reinhald? Vil du bidra til eit reint og triveleg miljø for alle som brukar kommunale bygg?
Vindafjord kommune Reinhald
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar - 80% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Me søkjer reinhaldar i 80% fast stilling i eining reinhald.
Arbeidsstad for tida er Sandeid oppvekstsenter, som består av skule 1.-7.klasse, gymbygg og barnehage med fleire avdelingar.
Arbeidet vert utført på dagtid 5 dagar pr. veke, måndag-fredag.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Dagleg reinhald, golvpleie, periodisk reinhald og hovudreingjering.
- Kjenne til og følgje gjeldande reinhaldsplanar, reglar og rutinar.
- Samarbeide med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg.
- Bruke golvvaskemaskiner, og reingjering/vedlikehald av desse.
- Sette deg inn i og bruke kommunen sine digitale verktøy/system.
Me kan tilby:
- Variert arbeid med faglege utfordringar i eit positivt miljø.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Relevant utdanning og erfaring innan fagområdet er ein fordel - men ikkje eit krav.
- Førarkort klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du må beherska norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team.
- Gode haldningar og evna å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar.
- Vere nøyaktig og merksam på detaljer, og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene.
- Pliktoppfyllande, lojal og ansvarsfull.
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine.
- Helse og kapasitet iht arbeidets art, utføre oppgåver med god ergonomi.
- Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd442e36-c733-4e1f-ad19-a9a60ed1b1a0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3531755_229879_nn