Hopp til innhold

Har du eit stort hjarte og engasjement for ungdom?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

Sted

Torggata 7, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut i Utekontakten, vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Har du eit stort hjarte og engasjement for ungdom?  
Då er dette jobben for deg! 

I tråd med nasjonale anbefalingar ser vi at oppsøkjande og ambulerande tenester opp mot den unge befolkninga er nødvendig. Vi i Bjørnafjorden kommune er heldige og har fått prosjektmidlar til oppsøkjande verksemd. No skal ein av våre miljøterapeuter ut i permisjon og vi treng ein vikar i 6 mnd (med moglegheit for forlenging) med oppstart snarast mogleg. Vi ser etter ein person som har eit stort hjarta for ungdommane våre.  

Vi søker ein miljøterapeut som ynskjer å vere med på å bidra inn i eit robust og godt tilbod for ungdom i Bjørnafjorden kommune. Ein del av jobben er å finne ut av kva som rører seg i ungdomsmiljøa og tilpasse seg etter ungdommane sine behov og ønsker.

Vi har spurt fleire ungdommar i Bjørnafjorden
Dei ønskjer seg personar som er;

-    tilgjengelig
-    morsom
-    pratsom
-    fleksibel
-    tolmodig
-    snill
-    sosial
-    god på some   

Til stillingen stillast det krav om
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet 
- Erfaring med målgruppa 
- Førarkort 

I tillegg ønsker vi at:
- Du er god på relasjonsbygging og kontaktetablering 
- Du framstår som ein trygg og vennleg person 
- Du er nysgjerrig på andre, tolmodig og open for at ikkje alle tenkjer det same som deg 
- Du held avtalar, tar ansvar og har gode samarbeidsevner.  
- Du kan hjelpe ungdom med å få rett hjelp til rett tid 
Det vil bli lagt særleg vekt på om du er personleg egna. Godkjent politiattest er påkrevd. 

Arbeidstid: 
Ungdommane våre ynskjer å treffe deg på ein fast plass, men også at du kan oppsøke dei og ta kontakt der dei oppheld seg.
Dei ynskjer at du er tilgjengeleg for dei der dei er og arbeid på ettermiddag, kveld og lørdager er ein del av denne jobben.
Det er då ungdommane ynskjer å sjå akkurat deg!  Arbeidstid kan difor variere. Vi ynskjer sjølvstendige arbeidstakarar som kan tilpasse seg desse behova.  

Vi tilbyr: 
- Du får vere med på å utvikle utekontakten i Bjørnafjorden kommune 
- Faglege og personlege utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dd206787-b916-4381-bac1-cf1c42acd2b8

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3582181_195935_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser