Fengselsførstebetjent
Åna fengsel
Åna, 4365 Nærbø
Om jobben
Stillingstittel
Fengselsførstebetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Åna fengsel har ledig fast 100 % stilling som fengselsførstebetjent - for tida avdelingsleiar i 2-skifts turnus.Stillinga inngår i fengselsførstebetjentgruppa der ein tenestegjer som avdelingsleiar eller som operativ leiar.
Fengselsførstebetjent - avdelingsleiar har m.a. personalansvar og ansvar for innsette i 3-4 avdelingar. I tillegg er det spesifikke ansvarsområde knyttet til plassering. Vidare skal avdelingsleiar ha evne til å leie ei avdeling, sørge for utvikling, gode rutinar, følgje opp og kvalitetssikre arbeidet. Avdelingsleiar er innsatsleiar i skarpe situasjonar, og skal gjennomføre øvingar i henhald til krav.
Operativ leiar er ansvarshavande i fengselet utanom ordinær kontortid.
Den tilsette må kunna gjera teneste både som operativ leiar og som avdelingsleiar ut frå fengselet sitt behov.
Ein fengselsførstebetjent med ansvar for operativ arbeidsleiing skal ha evne til å utføre dagleg arbeidsleiing, planlegging og
organisering av arbeidet innanfor eit arbeidsområde.
Arbeidsoppgåver
• dagleg arbeidsleiing
• planleggje og organisere arbeidet innanfor arbeidsområdet
• leiing av etasje med 3 – 4 avdelingar
• sørge for utvikling, gode rutinar og følgje opp og kvalitetssikre arbeidet ved etasjen
• personalansvar
• operativ leiing
• samarbeid med andre etatar
• kriseberedskap
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- relevant erfaring
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
- resultatorientert
- god evne til å takle stress
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Stillinga er løna som fengselsførstebetjent lønnstrinn: 58-65 (Kr 565 900 – 635 400.- pr år). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Inspektør Truls Tingvik 51799102
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Åna fengsel har rundt 180 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.
Sektor
Offentlig