Undervisningsstillingar realfag
OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune
Vikastemmo 35, 5411 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstillingar realfag
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Ved seksjon for realfag har skulen ledig inntil 200 % faste stillingar. Ein stor del av stillinga er å undervisa i naturfag og matematikk på ulike trinn og utdanningsprogram. Det er likevel ynskjeleg at søkjarane har erfaring med undervisinga ved yrkesfag der kompetanse i matematikk 1P-Y og i naturfag yrkesretning vil kunna bli prioritert. I tillegg er det en fordel med kompetanse i geografi.Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeid med andre på skulen
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Undervisningskompetanse innan aktuelt fagområde
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Interesse for ungdom og evne til å skapa gode relasjonar
- Evne til å engasjera elevar i læringsaktivitetar og skapa relevans i opplæringa
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Joao Luis Adelino Freitas Loureiro, avdelingsleiar, 93031566Arbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120112197
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Joao Luis Adelino Freitas Loureiro
avdelingsleiar
93031566
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dcbab8f3-22d2-48f4-97d1-ce2f4ea5b78a
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3cad431c099b4da8956ce568333189f2