Verksemdsleiar for legetenesta
Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Verksemdsleiar for legetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Ønskjer du spennande leiaroppgåver som handlar om – saman med andre - å skape ei framtidsretta og berekraftig legeteneste i Bømlo kommune ? Då kan stillinga som verksemdsleiar for legetenesta vera ei spennande utfordring for deg!
Eit mål for tenesta er å sikre ei fagleg god, stabil og tilgjengeleg legeneste. I arbeidet inngår eit tett samarbeid med andre dyktige leiarar og medarbeidarar.
Som verksemdsleiar vil du få ansvar for å gjera om nasjonale føringar og lokale planar til konkrete framtidsretta tilbod i vår kommune. Du vil ha stort handlingsrom til å påverke utvikling av medarbeidarar, tenester og tenestetilbod.
Legetenesta har i dag 14 fastlegeheimlar og ein LIS 1 stilling fordelt på 3 legesenter, som inkluderer eit bemanna utekontor. Samla har tenesta kring 30 tilsette inkludert hjelpepersonell.
Det føreligg vedtekne planar for bygging av nytt legesenter på Svortland, der du vil bli sentral i den vidare utviklinga og drifta av dette.
Stillinga rapporterer til kommunalsjef og inngår i leiargruppa til Helse, sosial og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å utarbeide strategiar og planar for ei vidare utvikling av legetenesta
- Dagleg drift og utvikling av legetenesta
- Leiing, økonomistyring, personal- og kompetanseutvikling, samt HMS
- Kvalitetsutvikling i samsvar med lovverk, faglege retningsliner, kommunale vedtak og målsetjingar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet, men andre relevante utdanningar på tilsvarande nivå kan vera aktuelle
- Leiarutdanning eller vilje til å gjennomføre dette
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- Relevant helsefagleg praksis
- Leiarerfaring
- Erfaring med, og interesse for bruk av IT og digitale løysingar
Personlege eigenskapar
Me ynskjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil arbeida i team for utvikling av tenester og medarbeidarar og søkjer deg som har:
- Gode kommunikasjons-, samarbeids- og samhandlingsevner
- Evne til fleksibilitet, kreativitet, sjølvstendig arbeid og å kunne arbeida systematisk og strukturert
- God arbeidskapasitet, er robust og har stor handlekraft
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Tilbod om leiarutdanning
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal
Kontaktinformasjon
Kjell Magnar Mellesdal, Kommunalsjef Helse, sosial og omsorg, 480 29 947, Kjell.Magnar.Mellesdal@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 15430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4669737131
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2355559
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74e0a13eba594c62800a0817459ebf72