Er du vår nye reinhaldar?
Lom Kommune
Lom, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Renholder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Reinhald er viktig for folkehelsa og trivselen i samfunnet vårt. Visste du at reinhaldstilsette bidreg til å sikre eit godt inneklima for born og unge i skular og barnehagar? Kunne du tenkje deg å bli ein del av reinhaldstenesta i Lom og på den måten bidra til reine omgjevnader for alle i kommunen?
Vi har ledig ei fast stilling som reinhaldar i 100 % stilling og søkjer ein person som har gode samarbeidsevner, er fleksibel, løysingsorientert og inkluderande i arbeidet sitt, både i møte med kollegaer og brukarar.
Som reinhaldar i Lom kommune vil du ha ansvar for dagleg og periodisk reinhald på skular, barnehagar og andre offentlege bygg. Arbeidsdagen din vil vere varierte og meiningsfulle. Du blir ein del av tenesteområdet kommunal eigedom, med gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Kvalifikasjonar• Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for dette.
• Grunnleggjande digital kompetanse, då jobben inneber bruk av digitale verktøy.
• God munnleg og skriftleg språkforståing på norsk.
• Førerkort klasse B er ønskjeleg, men ikkje et krav.
• Krav om godkjent politiattest
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ynskjer du å bu og arbeide midt i vill natur og høge fjell, med tur-, jakt- og fiskemoglegheiter rett utanfor døra? Likar du frisk luft og god plass? Vil du jobbe ein dag, og gå opp på Galdhøpiggen den neste? Då er Lom kommune staden for deg! Kom til Lom for å bu og arbeide i ei kommune med fokus på moglegheiter, utvikling og inkludering. Kom til oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dc66afc2-31bf-4384-ba58-3a2cfdaa0759
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
dc66afc2-31bf-4384-ba58-3a2cfdaa0759